Midfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Midtfjorden, som ligg litt lenger nord i Romsdal

Midfjorden er den ytste delen av Romsdalsfjorden i kommunane Midsund og Vestnes i Romsdal og HaramSunnmøre. Fjorden ligg på sørsida av Midsund kommune og øyane Dryna, Midøya og Otterøya. Fjorden strekkjer seg 23 km mot aust der Julsundet går nordover og Moldefjorden held fram vidare austover i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skor i sør og Eiremsneset på Dryna i nord. På sørsida av fjorden strekkjer tre fjordarmar seg sørover. Desse er Vatnefjorden, Vestrefjorden og Tomrefjorden. Øya Tautra ligg midt i fjorden nord for innløpet til Tomrefjorden.

Midsund ligg i sundet med same namn på nordsida av fjorden. Av andre stader på nordsida av fjorden finn ein Sør-Heggdal og Nord-Heggdal. På sørsida finn ein Rekdal. Riksveg 661 går langs sørsida av fjorden. Fylkesveg 202 går på nordsida av fjorden på Otterøya, medan Fylkesveg 204 går på sørsida av Midøya og Riksveg 668 går på sørsida av Dryna.