Miguel Serveto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Miguel Serveto

Miguel Serveto, òg skrive Michael Servet, Michel Servet og Michael Servetus, (29. september 151127. oktober 1553) var ein spansk naturvitskapsmann, lege og religiøs tenkjar under reformasjonen. Han vart anerkjend for sine vitskapelege studium, men han vart utsett for negative reaksjonar både frå katolikkane og reformatorane for sitt teologiske syn. Han vart til slutt avretta i Sveits.

Miguel Serverto var truleg fødd i Villanueva de Sijena. Han oppheldt seg i Toulouse og studerte jus som tenåring. I 1530 var han til stades under kroninga av Karl V av det tysk-romerske riket, og det førte til at han byrja å kritisere den overdådige prakta til kyrkja. Han reiste mykje rundt i Europa og tok ulike typar utdanning. Det vert sagt at han og Jean Calvin møtte kvarandre som unge og at dei kom dårleg ut av det med kvarandre. I bøkene sine, De Trinitatis erroribus libri vii og Dialogorum de Trinitate libri ii gav han tilkjenne det teologiske synet sitt der han mellom anna gjorde seg til talsmann for antitrinitarisme.

Han forska òg på menneskekroppen og naturvitskap. Han interesserte seg òg for astrologi, som var ganske utbreidd på den tida. Han utgav ei rekkje skrifter om desse emna. Ein av dei tinga han skreiv om, var blodomløpet.

Han arbeidde ei tid for erkebiskopen i Vienne og lét som han var ein trufast katolikk. Han opererte også ofte under pseudonymet Michel frå Villanueva. På eit tidspunkt brevveksla han og Calvin, men Calvin byrja ganske raskt å kritisere han sterkt.

Til slutt kom Serveto til Géneve, der han vart attkjend og teken til fange, skulda for vranglære. Calvin spela ei viktig rolle i rettargangen. Calvin skal ha ynskt at han skulle verte avretta med halshogging. Til slutt vart han likevel brend på bålet medan Calvin var til stades. Denne saka gjorde at kritikken mot Calvin og reformatorane i Sveits auka.

Læra til Serveto hadde innverknad på Lelio Sozzini og Fausto Sozzini og fleire reformatorar i Transsylvania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!