Vienne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fleire tydingar av namnet, sjå Vienne (fleirtyding)
| Vienne | |
|---|---|
| Våpenskjoldet til Vienne | |
| Plassering | |
| Administrasjon | |
| Departmentnummer: | 86 |
| Region: | Poitou-Charentes |
| Préfecture: | Poitiers |
| Sous-préfectures: | Châtellerault Montmorillon |
| Arrondissement: | 3 |
| Kantonar: | 38 |
| Kommunar: | 281 |
| Président du conseil général: | Alain Fouché |
| Statistikk | |
| Folketal | Rangering 56. |
| -1999 | 399 024 |
| Folketettleik: | 57/km² |
| Landareal¹: | 6 990 km² |
| ¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Vienne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva med same namn.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Vienne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Poitou, Touraine og Berry.
Geografi [endre]
Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Indre-et-Loire, Indre, Haute-Vienne, Charente, Deux-Sèvres og Maine-et-Loire.
Dei viktigaste elvane i departementet er Vienne og Charente.
Demografi [endre]
Innbyggjarane i departementet vert kalla viennois.
Økonomi [endre]
Ost er ein viktig industri i Vienne.
Attraksjonar [endre]
Kyrkja Saint-Savin-sur-Gartempe, ein verdsarvstad, ligg i Vienne.