Mika Myllylä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mika Myllylä i 2001.

Mika Kristian Myllylä (12. september 19695. juli 2011) var ein finsk langrennsløpar fødd i Haapajärvi i Finland, men oppvaksen i Trollhättan i Sverige.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Mika Myllylä gjorde det sterkt som skiløpar på nittitalet. Under Vinter-OL 1994Lillehammer tok han eitt sølv og to bronse. Han tok gull under Ski-VM i 1997 i Trondheim, og under Vinter-OL 1998 i Nagano tok han gull på 3-mila i tillegg til to bronsemedaljar. Under ski-VM 1999 i Austerrike vart han den store vinnaren med tre individuelle gullmedaljar.

Ski-VM 2001 i Lahtis vart den store nedturen for Myllylä, då han og fire andre finske løparar testa positivt for doping. Dei hadde brukt stoffet hemohes, vart fråtekne den nyvunne gullmedaljen i stafett og vart utestengde frå skisporten i to år i ettertid.

Myllylä vendte aldri tilbake til skisporten på same nivå. Han deltok i nokre skitevlingar i Finland, men la skia på hylla i 2005. Det vart snart kjent at Myllylä sleit med alkoholproblem.

I 2011 vart Myllylä funnen død i bustaden sin i Karleby i Vest-Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]