Lahti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lahti (svensk namn: Lahtis, finsk namn: Lahti) er ein finsk by som ligg ved sørenden av Vesijärvi i Päijät-Hämeen landskap i Södra Finlands län. Lahti har omtrent 100 000 innbyggarar, og er den sjuande største byen i Finland og det femte største byområdet.

Lahti by
Lahti sitt byvåpen
By Lahti
Grunnlagd 1905
Län Södra Finlands län
Landskap Päijät-Häme
Flatemål
 - Til saman
 - Landområde
 - Vatn

154,51 km²
134,95 km²
19,56 km²
Folketal
Tettleik
98 349 (Januar 2005)
728/km²

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

  • Røysteprosent i kommunevalet år 2004: 53.0 %.
  • Skatteprosent 18,25
  • Arbeidsløyse august 2004 14,8%
  • Største bransjar: tenesteytande næring 70 %, industri 21 % og bygging 7 %.
  • Høgd over havet: 103 m ved jarnvegsstasjonen
  • Lahti sin visjon: «Lahti er eit internasjonalt senter for kvalitet, design og miljøkunnskap, som har innbyggjarar som er nøgde med seg sjølve og byen sin.»

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske utgravingar viser at det i Lahti-området har vore busetnad allereie for 9000 år sidan, noko som gjer Lahti til den eldste kjende buplassen i Finland. Den fyrste gongen Lahti er nemnd i historiske kjelder, er i 1445. Lahti var likevel ein liten landsby i Hollola heilt til jarnbana mellom Riihimäki og St. Petersburg vart opna i 1870. Med jarnbana starta Lahti utviklinga til by.

Lahti fekk handelsstadsrettar i 1877 frå den russiske keisaren og vart ein eigen by, skild frå Hollola, i november 1905. Byplanen vart lagd i 1878, og denne byplanen dannar framleis grunnlaget for sentrum i Lahti.

I 1918 vart det samla opp raudegardistar frå den finske borgarkrigen i ein park (Fellmanin puisto i sentrum av Lahti og mange av dei vart avretta. I 1978 vart det avduka eit stort minnesmerke over desse raudegardistane. Dette var eit av dei fyrste minnesmerka over dei raude som i det heile vart reist i Finland.

I 1918 grunnla Asko Avonius Asko-møbelfabrikken, og Lahti vart kjend som ein by for møbelfabrikantar (dei har også Ålesund som norsk vennskapsby). I tillegg til Asko gjeld dette kjende merke som Isku og Sotka. Metallindustri i Lahti er m.a. komfyrprodusenten Upo og ein produsent av maskinar for skogsindustrien, Raute.

Lahti hadde ein kraftig vekstperiode etter andre verdskrigen, då det på grunn av den sovjetiske okkupasjonen av det karelske neset i vinterkrigen og den finske framhaldskrigen vart evakuert ca. 300 000 menneske. Dei aller fleste av innbyggjarane i Viborg kom til Lahti. Ein ny vekstperiode kom med sentraliseringa på 1960- og 70-talet, då dei store årskulla frå etterkrigsåra flytte til byane, også til Lahti. Denne veksten vart stoppa av depresjonen i 1975/1976 som kom som eit resultat av den fyrste oljekrisa. Dei store arbeidsgjevarane sette inn tiltak for effektivisering og strukturrasjonalisering, og folketalet kunne ikkje lenger auke som resultat av arbeidskraftsinnvandring.

Ein viktig del av Lahti sitt sjølvbilete har vore vintersportsbyen Lahti. Terrenget rundt Lahti er etter finske forhold relativt kupert, på grunn av Salpausselkä, den store moreneryggen som går i aust-vestleg retning gjennom heile Sør-Finland. Kombinasjonen av hoppbakkar, skiløyper i eit variert terreng og eit slalåmsentrum har gjort Lahti til ein vintersportstad. Lahti har arrangert VM på ski seks gonger, i 1926, 1938, 1958, 1978, 1989 og 2001. Det siste arrangementet vart stygt skjemt av ein dopingskandale, der det viste seg at store delar av arrangørnasjonen sitt landslag hadde brukt dopingmiddel.

På 1980-talet marknadsførte Lahti seg sjølv som "Lahti the Business City", til og med byorkesteret fekk nytt namn, Business City Orchestra, heilt til dei fann ut at namnet ikkje passa til klassisk musikk, og orkesteret fekk namnet Lahti Sinfonia. Lahti satsa elles på kultur i denne perioden og bygde teaterhus, lensbibliotek, og eit kombinert AOF-senter og universitetsutdanningssenter ikkje langt unna biblioteket og teateret. I tillegg bygde byen universitets- og utviklingssenteret Neopoli og konserthuset Sibeliustalo ved breidda av sjøen Vesijärvi.

Depresjonen på 1990-talet[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan depresjonen tidleg på 1990-talet har Lahti vore plaga av stor arbeidsløyse. Ein tredel av dei arbeidslause, ca. 2500 menneske, er langtidsledige. I drabantbyane er marginalisering og rusbruk ein del av kvardagen. Staten har dei siste åra prøvd å hjelpe Lahti med målretta økonomisk støtte: Lahti har fått ny motorveg til Helsingfors, det har vorte satsa på Lahtispelen, på Sibeliustalo, og spesielt på Kervo-Lahti-jernbanen.

Den fyrste finske jarnbana gjekk frå Helsingfors til Riihimäki. Seinare vart jarnbana austover mot St.Petersburg bygd frå Riihimäki, dvs. ein stor omveg, samanlikna med å dra meir austover. På 1990-talet avgjorde staten å byggje ei ny jarnbane, direkte frå Kervo til Lahti. Den nye jarnbana, som vil stå ferdig i 2006, og som er rekna til å koste 331 millionar euro, kjem til å korte reisetida mellom Helsingfors og Lahti monaleg, og i praksis gjere Lahti til ein del av Helsingforsregionen. Verknaden av denne jarnbana er allereie synleg i bustadprisane i Lahti.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Lahti er kjend som skisportsmetropol, for Lahtispelen, fi. Salpausselän kisat, etter moreneryggen Salpausselkä, som går gjennom Lahti, og som gjev opphav til eit kupert løypeterreng og åsar nok til å bygge store hoppbakkar.

Idrettsforeiningar[endre | endre wikiteksten]

Kjende idrettsforeiningar frå Lahti er m.a.


Kultuur[endre | endre wikiteksten]

WLAN-prosjektet har som mål at heile Lahti sentrum og Salpausselkä stadion skal utgjere eit ope trådlaust nett, tilgjengeleg for alle (engl. open access wirelessa local area network).

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Nedanfor kjem ei liste over Lahti sine vennskapsbyar.

Venskapsbysambandet med Västerås kjem av det faktum at Västerås gav Lahti hjelp etter Vinterkrigen. Venskapsbyane i Norden er del av det nordiske samarbeidet, og dei i Aust-Europa del av nøytralitetspolitikken etter krigen. Dei siste venskapsbyane kjem av Lahti sin EU-politikk og av Lahti sin næringslivspolitikk i Asia.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Bydelane i Lahti er:

Ahtiala Kärpänen Hennala
Laune Jalkaranta Mukkula
Jokimaa Myllypohja Järvenpää
Möysä Kartano Niemi
Kasakkamäki Nikkilä Kerinkallio
Okeroinen Keski-Lahti Paavola
Kilpiäinen Pesäkallio Kiveriö
Pirttiharju Kivimaa Renkomäki
Koiskala Riihelä Kolava
Salpausselkä Kujala Sopenkorpi
Kunnas Viuha Kytölä
Ämmälä


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]