Minoritet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Minoritet tyder mindre del, og viser primært til ei folkegruppe som utgjer eit mindretal i eit samfunn.
Minoritet kan òg referere til underordna eller marginale grupper. Desse gruppene treng ikkje nødvendigvis å vere talmessig i mindretal, men dei står i eit assymetrisk tilhøve til majoriteten gjennom språk, utdanning, religion, kultur, seksuell orientering og så bortetter.
I Noreg har desse gruppene offisiell status som nasjonale minoritetar: jødar, kvenar, romfolk, romani og skogfinnar.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «minoritet»