Mittet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mittet er ei bygd nord i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Mittet er også eit dalføre som startar nede ved Langfjorden og går sørover. Lengst inne i Mittetdalen i sør, startar ein stig til turisthytta Måsvassbu og over fjellet til Isfjorden.

I aust grensar Mittet til Nesset kommune og bygda Vistdal. I vest grensar staden til Holm og Åfarnes. Kyrkja for Mittet er Holm kyrkje.