Nesset kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nesset kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1543
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Eidsvåg
Areal 1048 km²
Folkemengd 2 995 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Rolf Jonas Hurlen (H)
Målform Nynorsk
Nettstad www.nesset.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1543.svg
Nesset kommune på Commons
Frå Eikesdal
Nesset prestegard, barndomsheimen til Bjørnstjerne Bjørnson
Foto: Vidar Iversen
Sira kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Utsikt til Nesset prestegard og Langfjorden frå Grønfjellet i Nesset kommune.

Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837.

1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[2]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:

1900[3] 1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
3548 3220 3169 3679 3658 3661 3573 3492 3351 3259 3074

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Det er tre kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Personar med tilknyting til Nesset kommune[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. 2,0 2,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Nesset 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.