Moderne fuglar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Moderne fuglar | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Underklasse: | Neornithes Gadow, 1893 |
|
| Overordenar | ||
Moderne fuglar, vitskapleg namn Neornithes, utgjer ein underklasse av den biologiske klassen Aves som samlar alle nolevande fuglar, alle utdøydde fuglar i jorda si nytid og nokre fleire utdøydde sidegreiner i krittida. Dette taksonet vart introdusert for paleornitologien av Gadow i 1893, for å skilje moderne fuglar frå grupper som døydde ut i jorda si mellomtid.
Moderne fuglar skil seg frå alle takson av utdøydde fuglar ved at dei manglar tenner. Dei utdøydde artane, som til dømes Ichthyornis, hadde tenner.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Neornithes» frå Wikipedia på tysk, den 30. mai 2009.