Paleognathae
| Paleognathae | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Underklasse: | Neornithes | |
| Overorden: | Paleognathae | |
| Ordenar | ||
|
||
Paleognathae er den minste av to overordenar av moderne fuglar. Den andre overordenen er Neognathae. Til saman utgjer dei to kladene den biologiske underklassen Neornithes.
Paleognath kjem frå gammalgresk og tyder 'gammal kjeve' med referanse til skjelettanatomien av ganen, som er skildra som meir primitiv og krypdyrliknande enn hos andre fuglar. Det er ingen usemje om at Palaeognathae er dei mest «primitive» eller basale levande fuglane, men det er strid om det nøyaktige tilhøvet mellom dei og andre fuglar. Det er også fleire andre vitskaplege kontroversar om evolusjon.
Overorden Paleognathae inneheld ein orden strutsefuglar av fire nolevande familiar av fuglar utan flygeevne og ein orden med ein familie av tinamuar med svak flygeevne. I tillegg reknast ordenen Lithornithiformes av utdøydde artar som ein del av Paleognathae.
Av dei nolevande artane er det klassifisert mindre enn 50 artar av tinuamuar i ni slekter. Strutsefuglar samlar ein art i strutsefamilien, to nanduar, tre kasuarar, emu og fem artar kiviar, til saman 12 artar strutsefuglar, alle utan flygeevne.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Paleognathae frå Engelsk Wikipedia .