Moen i Målselv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moen
Geografi
Kommune Målselv
Fylke Troms
Folkemengd[1] 859 (2012)
Folketettleik 715,8 /km²
Areal[1] 1,2 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E6, 854
Postnummer 9321
Preposisjon Moen
Kart
Moen i Målselv is located in Troms
69°07′20″N 18°37′00″EKoordinatar: 69°07′20″N 18°37′00″E

Moen er ein tettstad og administrasjonssenter i Målselv kommune i Troms. Staden har har 859 innbyggjarar (2012). Høgtun vidaregåande skole, med studieretningar for estetiske fag, ligg i Moen, og her ligg òg hovudkontoret for avisa Nye Troms.

Tettstaden ligg langs nedre del av Målselva og er delt i to delar, Moen og Olsborg. Kommuneadministrasjonen held til på Moen, medan skular og det meste av forretningar ligg på Olsborg. Riksveg 854, som går mellom Målsnes og Rundhaug, går gjennom heile tettstaden, og vert kryssa av Europaveg 6 midt mellom Moen og Olsborg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
Spire Denne Tromsartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.