Mohamed Ould Ghazouani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mohamed Ould Ghazouani

Fødd31. desember 1956 (67 år)
Boumdeid
Statsborgar avMauritania
Yrkemilitær, politikar
Utdanna vedMeknes Royal Military Academy
EktefelleMariem Mint Mohamed Fadel Ould Dah
Alle verv
  • Mauritanias president (2019–) Sjå dette på Wikidata

Mohamed Ould Cheikh Mohamed Ahmed Ould Ghazouani (arabisk محمد ولد الشيخ محمد أحمد ولد الغزواني‎; fødd 31. desember 1956), òg kjent som Ghazouanni[1] og Ould Ghazouani,[2] er den 9. presidenten i Mauritania,[3] som tok posisjonen den 1. august 2019.[4] Han er òg ein pensjonert general i den mauritanske hæren. Ghazouani har vore formann i Den afrikanske unionen sidan februar 2024.[5]

Ghazouani har tidlegare vore generaldirektøren for nasjonaltryggleik[6] og stabsjef for dei mauritanske væpna styrkane i perioden mellom 2008 og 2018.[7] Han var forsvarsminister for Mauritania frå oktober 2018 til mars 2019.[8][9] I denne perioden var Ghazouani ein nær alliert til Mohamed Ould Abdel Aziz som var president fram til 2019. Etter presidentvalet den 22. juni 2019 vart Ghazouani vald til president i Mauritania.[4] Då han vart sett inn som president var dette den fyrste fredelege overgangen til makta i landet sidan landet fekk sjølvstende sitt.[10]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ghazouani vart fødd i Boumdeid, Assaba-regionen den 4. desember 1956.[11] Han høyrer til ein kjend Sufi-familie i Mauritania. Ghazouani er son til ein åndeleg leiar av den marabutiske stammen Ideiboussat.[12][13] Han har memorert Koranen.[14] Han er gift med ein lækjar, Mariam Mint Mohamed Vadel Ould Dah.[12][15] Saman har dei fem born, derav Mohamed Lemine Ould Cheikh El-Ghazouani er den eldste sonen.[16]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Militær karriere[endre | endre wikiteksten]

Ghazouani gjekk inn i den mauritanske hæren på slutten av 1970-talet. Han heldt fram i yrke som ein offiser ved Det kongelege militærakademiet i Meknes i Marokko.[17][18][19] Han oppnådde ein bachelorgrad, ein mastergrad i administrasjon og militærvitskap, og fullførte fleire krigstreningsertifikat og kurs.[16][20]

Han var adjutant til president Maaouya Ould Sid'Ahmed Taya frå 1987 til 1991.[21]

Ghazouani var ein alliert med den tidlegare presidenten Mohamed Ould Abdel Aziz,[22] og var partnaren hans då president Sidi Ould Cheikh Abdallahi vart avstyrta i 2008. Han var òg medlem av den militære juntaen som kasta ut den tidlegare presidenten Maaouya Ould Sid'Ahmed Taya i 2005.[23][9]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I oktober 2018 vart Ghazouani utnemnd til forsvarsminister av den dåverande presidenten Mohamed Ould Abdel Aziz.[9][24]

Den 1. mars 2019 kunngjorde han kandidaturet sitt til presidentvalet, med det å erstatta Abdel Aziz.[25][2][1] Den 15. mars gjekk han av som forsvarsminister for å forfylgja målet sitt om å verta president i landet.[26]

Den 22. juni 2019 vart Ghazouani vald til president i Mauritania etter eit presidentval mot fem andre kandidatar i eit kapplaup til «gråpalasset».[16]

Den 1. august 2019 vart han teken i eid som den 9. presidenten i Mauritania.[27] Kort tid etter, vart høvet til den tidlegare presidenten Mohamed Ould Abdel Aziz dåleg på grunn av avsløringar om misbruk av økonomiske middel som den tidlegare presidenten hadde gjord. Ein parlamentarisk undersøking vart opna i august 2020 om Aziz sine aktivitetar, og han vart offisielt dømd i 2023. Aziz hevda at Ghazouani hadde gjeve den tidlegare presidenten to vesker fylt med sju millionar euro etter at han vart vald.[28]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «غزواني يعلن ترشحه للانتخابات الرئاسية». Arkivert frå originalen 31. mars 2019. Henta 23. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 «ولد الغزواني: للعهد عندي معناه، وأسعى لتحقيق طموح الشعب». Arkivert frå originalen 2. november 2019. Henta 25. august 2021. 
  3. «Ghazouani sworn in as new Mauritanian president: CENI». Arkivert frå originalen 25. august 2019. Henta 1. august 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Mauritania Constitutional Council Confirms Mohamed Ould Ghazouani as President». Arkivert frå originalen 1. juli 2019. Henta 2. juli 2019. 
  5. «President of Mauritania Elected As New Chairperson of AU». Henta 19. februar 2024. 
  6. "السيرة الذاتية للفريق محمد ولد الغزواني - أقــــلام حرة". aqlame.com. Archived from the original on 2019-03-31. Retrieved 2019-06-23.
  7. «Mohamed Ould Ghazouani Declares himself Winner of Mauritania Presidential Polls». Arkivert frå originalen 24. juni 2019. Henta 23. juni 2019. 
  8. «صديق الرئيس وزيرا للدفاع.. ماذا يرتّب جنرالات موريتانيا قبيل الرئاسيات؟». Arkivert frå originalen 27. januar 2019. Henta 25. august 2021. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Mohamed Ould Ghazouani, Mauritania's new president». Arkivert frå originalen 27. juni 2019. Henta 25. juni 2019. 
  10. «First peaceful transfer of power in Mauritania's presidential polls» (på engelsk). Arkivert frå originalen 14. april 2021. Henta 23. august 2021. 
  11. سيدي, أحمد ولد. «من هو الرئيس الموريتاني الجديد؟». Arkivert frå originalen 13. desember 2019. Henta 25. august 2021. 
  12. 12,0 12,1 Spiegel, Justine (20 November 2012). «Mauritanie: Mohamed Ould Ghazouani, l'homme de l'ombre». Jeune Afrique. Arkivert frå originalen 14. juli 2019. Henta 27. juni 2019. 
  13. «Mauritanie : Ghazouani, l’alter ego d’Aziz devenu son dauphin pour la présidentielle - Jeune Afrique.com», JeuneAfrique.com (på fransk), henta 3. mars 2024 
  14. «رئيس موريتانيا الجديد.. حفظ القرآن مبكرا وهو أول "فريق" في الجيش». Arkivert frå originalen August 4, 2019. Henta August 25, 2021. 
  15. «في أول ظهور إعلامي لها زوجة وزير الدفاع ومرشح الرئاسيات ولد الغزواني تتحدث في مقابلة | الحقيقة». Arkivert frå originalen 27. juni 2019. Henta 27. juni 2019. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «محمد ولد الشيخ الغزواني.. من هو رئيس موريتانيا الجديد؟». Henta 25. august 2021. 
  17. «AMI - Mohamed Cheikh El Ghazwani». Henta 7. oktober 2023. 
  18. «Mauritanie : Mohamed Ould Ghazouani, l’homme de l’ombre – Jeune Afrique» (på fransk). Henta 7. oktober 2023. 
  19. «Mauritanie. Ghazouani: qui est le nouveau président mauritanien?» (på fransk). Henta 7. oktober 2023. 
  20. Welle, Deutsche. «Mauritania: Former General Mohamed Ould Ghazouani wins presidential election». Arkivert frå originalen 24. juni 2019. Henta 24. juni 2019. 
  21. «Biographie du president». 
  22. «Mauritania opposition challenges ruling party win». Arkivert frå originalen 15. oktober 2019. Henta 25. juni 2019. 
  23. «ولد الغزواني، جنرال "يخلف" جنرالاً في حكم موريتانيا». Arkivert frå originalen 30. juni 2019. Henta 25. juni 2019. 
  24. «Mauritania appointments reflect jockeying for succession | Lamine Ghanmi». Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 27. juni 2019. 
  25. «وزير الدفاع الموريتاني يخلع بزته العسكرية لخلافة رفيقه في القصر». Arkivert frå originalen 21. juni 2019. Henta 25. august 2021. 
  26. «Mauritania's electoral commission confirms Ghazouani win | The Star». Arkivert frå originalen 4. juli 2019. Henta 27. juni 2019. 
  27. «New government formed in Mauritania». Arkivert frå originalen 16. august 2019. Henta 16. august 2019. 
  28. «Mauritania ex-president Aziz sentenced to 5 years for corruption». Henta 14. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mohamed Ould Ghazouani