Robert Mugabe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robert Gabriel Mugabe (fødd 21. februar 1924) er den sitjande presidenten i Zimbabwe. Han var ein framståande leiar i kampen mot det kvite mindretalsregimet i det dåverande Rhodesia. Han deltok i grunnleggjinga av ZANU i 1963, og leidde organisasjonen frå 1974. I perioden 1964-74 sat han i fengsel. Saman med Joshua Nkomo leidde han Patriotic Front i 1976-79. Mugabe vart vald til statsminister i Zimbabwe i 1980, for så å verte vald til president i 1987. Både etter valet i 2002 og valet i 2008 har han vorte skulda for omfattande valfusk og overgrep mot opposisjonen. Etter mykje politisk uro i etterkant av valresultatet i 2008 vart Mugabes parti, ZANU-PF, samde med opposisjonen om å danne ei samlingsregjering.[1]
Kjelder [endre]
«Robert Mugabe» i Caplex.
Fotnotar [endre]
- ↑ Enighet om maktdeling i Zimbabwe. Verdens Gang (30.01.2009). «Zimbabwes opposisjonsparti MDC har besluttet å danne regjering med president Robert Mugabes parti, opplyser opposisjonsleder Morgan Tsvangirai.»