Mohmand-distriktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mohmand-distriktet
Plassering
Kart over Pakistan og Dei føderalt styrte stammeområda. Mohmand er avmerkt som nummer 4 nord i stammeområda.
Kart over Pakistan og Dei føderalt styrte stammeområda. Mohmand er avmerkt som nummer 4 nord i stammeområda.
Styresmakter
Region Dei føderalt styrte stammeområda
Hovudstad Ghalanai
Political agent Amjad Ali Khan
Geografi
Flatevidd
2 296 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (1998)
   - folketettleik

334 453
  145,7 /km²
Annan informasjon

Mohmand-distriktet (eng. Mohmand Agency, pashto مومند ) er eit distrikt som ligg nordvest i Pakistan, i Dei føderalt styrte stammeområda. Det grensar til Afghanistan i vest, Bajaur-distriket i nord, Malakand, Charsadda og Peshawar-distrikta i aust og Khyber-distriket i sør. Distriktet blei oppretta i 1951, området blei før dette administrert frå Peshawar i den noverande Khyber Pakhtunkhwa-provinsen. Først i 1973 blei administrasjonen flytt frå Peshawar til Ekkagund i Mohmand-distriktet. Hovudbyen er i dag Ghalanai. Mohmand er tilknytt den pasjtunske Mohmand-klanen, som det også bur mange av på andre sida av den afghanske grensa.

Distriktet har vore prega av konflikt mellom Taliban, pakistanske styresmakter og lokale stammeleiarar. 9. januar 2009 utførte rundt 600 hovudsakleg afghanske krigarar åtak på fleire kontrollpostar i Mohmand-distriktet. Seinare følgde fleire grensetrefningar. 2. juli drap ein sjølvmordsbombar rundt 100 menneske på marknaden i Yakaghund.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Grenseløs Taliban-krig». Klassekampen, 13.01.2009 s. 15
  • «Minst 15 drept i angrep i Pakistan». NTBtekst, 02.05.2009
  • «Nytt selvmordsangrep i Pakistan». NTBtekst, 09.07.2010.
  • Population Demograph ved fata.gov.pk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 34°30′N 71°20′E