Dei føderalt styrte stammeområda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Federally Administered Tribal Areas
وفاقی قبائلی علاقہ جات
territorium
Flagg
Symbol
Land  Pakistan
Hovudstad Miranshah
Areal 27 220 km²
Folketal 4 452 913
Grunnlagd 1. juli 1970
Språk Pasjto, urdu
Kart
Dei føderalt styrte stammeområda
33°00′00″N 70°10′00″E / 33°N 70.16666667°E / 33; 70.16666667
Wikimedia Commons: Federally Administered Tribal Areas
Kart over Dei føderalt styrte stammeområda.

Dei føderalt styrte stammeområda (FATA; Federally Administered Tribal Areas) er eit område nordvest i Pakistan som blir styrt av sentralregjeringa. Det grensar til Afghanistan i vest, Balutsjistan i sør og Den nordvestlege grenseprovinsen i aust og nord.

Stammeområdar har ikkje noka eiga provinsregjering, men er styrt av guvernøren i Den nordvestlege grenseprovinsen, som er utnemnd som representant for den pakistanske presidenten. Området har representantar i det pakistanske parlamentet og senatet, men lovane som blir laga gjeld ikkje for det.

Områda er delt inn i sju sjølvstyrte distrikt (agencies), som blir styrt av ein «politisk agent», og seks grenseregionar (Frontier Regions, FR), som blir styrte frå dei distrikta dei er knytte til i Den nordvestlege grenseprovinsen.

Ulike estimat plasserer innbyggjartalet i områda til rundt 3 341 070 (2000) eller 5 600 000 (2001). Dei utgjer rundt 2 % av pakistanarar. Berre 3,1 % av innbyggjarane i stammeområda bur i byar. Dette gjer dei til den minst urbaniserte delen av Pakistan.

Durand-linja markerer grensa mellom dei pakistanske stammeområda og Afghanistan. Sidan 2001 har Taliban og al-Qaida vore til stades i området. Den pakistanske hæren har gått inn i stammeområda Waziristan fleire gonger.

Underinndelingar[endre | endre wikiteksten]

Frå sør til nord finn ein desse distrikta i stammeområda:

  1. Bajaur-distriktet
  2. Mohmand-distriktet
  3. Khyber-distriktet
  4. Orakzai-distriktet
  5. Kurram-distriktet
  6. Nord-Waziristan-distriktet
  7. Sør-Waziristan-distriktet

Grenseområda (frontier regions) ligg vest for distrikta og er frå nord til sør:

  1. FR Peshawar
  2. FR Kohat
  3. FR Tank
  4. FR Banuu
  5. FR Lakki
  6. FR Dera Ismail Khan

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dei føderalt styrte stammeområda