Peshawar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Peshāwar
pasjto پېښور
urduپشاور
hindko پِشور
Sunehri-moskeen i Peshawar.
Sunehri-moskeen i Peshawar.
Styresmakter
Land
Pakistan
Geografi
Innbyggjarar
 - By (1998)

982 800

Peshawar er ein by i Den nordvestlege grenseprovinsen i Pakistan. Han er ein strategisk viktig by ved grensa mot Afghanistan, 15 km aust for Khyberpasset. Byen er også eit senter for grensehandel og reisande.

Innbyggjarane i byen er hovudsakleg pasjtunarar medan hindkotalarar er ei minoritetsgruppe. Folk frå fleire andre språkgrupper held også til i byen, der det i tillegg til pasjto og hindko også blir tala urdu, khowar, dari, farsi og panjabi.

Peshawar i 1870.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Byen har vore eit kultursentrum sidan oldtida, både innan indo-gresk og seinare buddhistisk kultur. Frå 100-talet var han hovudstad i Gandharariket, kjend under namna Parasawara, Purasapura og Begram. Som del av Silkevegen var han stoppestad for karavanar frå Kabul, Bukhara og Samarkand.

Byen var under britisk styre frå 1849 til 1947, då Pakistan fekk sjølvstende. Etter at Sovjetunionen gjekk inn i Afghanistan i 1979 blei byen eit hovudmål for afghanske flyktningar, og det ligg store flyktningeleirar i nærleiken. I 2006 budde dei flest av dei rundt tre millionar afghanske flyktningane i Pakistan nær Peshawar.

Utsal av tørka frukt i Peshawar.

Kultur og utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Peshawar finst ei rekkje eldre bygningar, som Gor Khatri, eit tidlegare buddhistkloster og hindutempel, festninga Bala Hissar, ruinfeltet Shahji-ki Dhere, Mahabat Khan-moskeen. Gamlebyen i Peshawar ligg innanfor ein bymur med 16 portar.

Universitetet i Peshawar blei grunnlagd i 1950. Byen har også eit landbruksuniversitet, eit ingeniør og teknologi-universitetet og fleire private høgskular.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Byen har ein stor handverksproduksjon av mellom anna smykke og dekorerte mugger. Han har også konserverings-, tekstil- og maskinindustri. Peshawar har også mange basarar med sal av daglegvarer og suvenirar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peshawar