Mole antonelliana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mole antonelliana er eit symbol på Torino

Mole antonelliana er eit tårn som er eit symbol på byen Torino i Italia. Det har fått namnet sitt etter arkitekten som bygde det, Alessandro Antonelli. Bygginga starta i 1863.

Det var opphavleg tenkt som ein synagoge. Ikkje-katolikkar hadde fått sin religiøse fridom, men Antonelli kom ikkje godt overeins med dei jødiske gruppene. Arkitekten modifiserte planane og enda opp med eit 113 meter høgt tårn, 47 m høgare enn den opphavlege kuppelen. Endringane, kostnadsaukar og tidsoverskridingar gjorde til at oppdragsgjevarane stoppa bygginga i 1869.

I 1873 bytta oppdragsgjevarane og myndigheitene i byen den uferdige bygningen med ei tomt for ein synagoge. Bygget vart så dedisert til Viktor Emmanuel II. Antonelli heldt fram bygginga, og tårnet strekte seg til slutt til 167 m.

I dag husar Mole antonelliana det nasjonale filmmuseumet i Italia. Ein spektakulær heiskonstruksjon trekkjer ein glasheis fritt svevande langs leiekablar gjennom hovudrommet under kuppelen og til utsiktsplattforma. I dag er Mole antonelliana avbilda på baksida av dei italienske 2 cent-myntane, og er utgangspunktet for logoen til Vinter-OL 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°04′08″N 7°41′35″E