Mombasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flyfoto over delar av Mombasa

Mombasa er med sine vel 915 000 innbyggjarar (2009) den nest største byen i Kenya, og den største hamnebyen i Aust-Afrika. Han vart grunnlagd på den no landfaste Mombasaøya, straks sør for ekvator. Byen er også senter for eit 230 km² stort administrativt distrikt, som også ber namnet Mombasa.

Byen er eit stort handelssenter med kaffehandel, næringsmiddel- og kjemisk industri, stålverk, aluminiumsvalseverk, oljeraffineri, sementfabrikk. Turismen spelar ei viktig rolle, og byen har internasjonal flyplass.

Ibuarane i Mombasa er for det meste swahilitalande av Miji Kenda-folket, men gjennom hundreåra har det vore ei større tilflytting av arabarar og indarar. I dei siste tiåra har mange kome flyttande frå det kenyanske innlandet til hamnebyen.

Namnet på byen kjem av arabarane sitt gamle namn på han; Manbasa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mombasa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]