Monte Fitzroy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Monte Fitzroy | |
| fjell | |
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Cordillera Darwin |
| høgd | 3 375 moh |
| koordinatar | |
| Førstestiging av | Lionel Terray, Guido Magnone |
| - dato | 1952 |
Monte Fitzroy, også kjent som Cerro Chaltén, er ein fjelltopp i nærleiken av landsbyen El Chaltén i breområdet Campo del Hielo Sur i Patagonia. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over Monte Fitzroy.
Monte Fitzroy vart klatra fyrste gongen i 1952 av to franskmenn, Lionel Terray og Guido Magnone. Fjellet er eit av dei aller mest krevjande å klatre til topps på heile jordkloten.
Fjellet, som er kalla opp etter den britiske sjøfararen Robert FitzRoy, ligg i Los Glaciares nasjonalpark.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Monte Fitz Roy» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2012.