Monte Perdido
| Monte Perdido | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | 3355 moh |
| Ligg i/på | Huesca, |
| Fjellkjede | Pyreneane |
| Koordinatar | |
Monte Perdido (fransk Mont Perdu) er det tredje høgaste fjellet i Pyreneane og ligg i Spania, tilsynelatande gøymd frå Frankrike av fjelltoppane Cirque de Gavarnie og Estaube.
Det er lettast å nå fjellet frå den spanske sida. Utforskarar måtte først gå frå landsbyen Torla i Aragon langs den store Ordesadalen, og så opp gjennom Circo de Soaso før dei måtte opp ei bratt klippe til toppen. Monte Perdido ligg midt i den spanske Ordesa y Monte Perdido nasjonalpark som vart oppretta i 1918.
I dag er parken langt større enn i 1918 og har vokse frå 21 til 156 km². Det finst meir enn 1500 artar blomar, 171 fugleartar og 32 forskjellige pattedyr i Ordesa. Av desse finn ein lammegribb som har eit vingespenn på heile tre meter. Pyreneane er ei av få stader i Europa der desse fuglane held til.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Monte Perdido» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2009.