Ordesa y Monte Perdido nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Ordesa y Monte Perdido nasjonalpark.

Ordesa y Monte Perdido nasjonalpark (spansk Parque Nacional de Ordesa y Monte Perdido) er ein nasjonalpark i Pyreneane i provinsen Huesca i Aragón i Spania. Nasjonalparken vart oppretta 16. august 1918 etter ein kongeleg resolusjon, der Ordesadalen vart erklært nasjonalpark med ein utstrekking på 21 km². 13. juli 1982 vart parken utvida til 156,08 km² og det offisielte namnet vart endra til Parque nacional de Ordesa y Monte Perdido.

Nasjonalparken er ein del av Ordesa-Viñamala biosfærereservatet oppretta av UNESCO i 1997. Same året vart han inkludert i Pyrénées - Mont Perdu verdsarvstad.[1]

Parken omfattar kommunane Torla, Broto, Fanlo, Tella-Sin, Puertólas og Bielsa.

Cirque de Soaso, frå venstre Cilindro de Marboré, Monte Perdido og Soum de Ramond.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparken er dominert av den største kalksteinsmassen i Europa med massivet Treserols, med fjellet Monte Perdido. Frå her stråler fleire ryggar og bredalar ut. Her ligg òg Ordesadalen som vert drenert av elva Arazas og Añisclodalen, som vert drenert av elva Bellós, Escuaínkløfta, drenert av Yaga, og Pinetadalen, drenert av Rio Cinca.

Mange dalar og dalbotnar er forma av tidlegare isbrear i omdået, og framleis finst det ein bre på nordsida av Monte Perdido som stadig krympar.

Dei høgaste områda av parken, over 2000 meter over havet, er særs tørr. All nedbør forsvinn ned i karstgrunnen, medan dalbotnane er frodige med bøk og gran.

Bøkeskog i Pinetadalen.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Opp til 1500-1700 meter over havet finst mykje skogar av bøk, furu, eik og til ein viss grad bjørk, ask og piletre. Frå her og opp til 2000 meter dominerer fjellfuru. Opp til 1800 meter over havet finst òg buksbomved. På engene frå 1700 til 3000 moh finst fleire endemiske artar som Borderea pyrenaica, Campanula cochleariifolia, Ramonda myconi, Silene borderei, Androsace cylindrica, Pinguicula longifolia og Petrocoptis crassifolia. Edelveisen er ein av symbola til nasjonalparken.

Firfisla Iberolacerta bonnali er endemisk i Pyreneane.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei viktigaste artane i parken var pyreneisk steinbukk som døydde ut i januar 2000 trass i forsøk på å bevare han. Andre dyr i området er pyreneisk gemse, murmeldyr, villsvin og pyreneisk desman. Store fuglar som kongeørn, gribb, hauk og ugle finst i fjella.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ordesa y Monte Perdido nasjonalpark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pyrenees-Mont Perdu». United Nations Environment Program - World Conservation Monitoring Centre. Januar 2000. http://www.unep-wcmc.org/sites/wh/mtperdu.html. Henta 13. mai 2009.