Monteverdi Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°30′S 72°0′W
Monteverdi Peninsula
halvøy
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Aleksanderøya
 - koordinatar 72°30′S 72°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Monteverdi Peninsula is located in Antarktis
Monteverdi Peninsula (Antarktis)

Monteverdi Peninsula er ei stor isdekt halvøy som ligg mellom Bach isbrem og George VI Sound, og den sørlegaste delen av Aleksanderøya i Antarktis. Nordsida av Monteverdi Peninsula er omgjeve av Bach isbrem, ein stor isbrem mellom Monteverdi Peninsula frå Beethoven Peninsula. Fauréfjorden ligg på sørsida av halvøya, fylt av is som kjem frå nærliggande George VI isbrem og George VI Sound. Sørsida av halvøya vart først sett og kartlagd av Finn Rønne og Carl Eklund i United States Antarctic Service, 1939–41, som reiste langs George VI Sound. Ho vart kartlagd frå flyfotografi teken av Ronne Antarctic Research Expedition, 1947–48, og frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey, 1948-50. Ho vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter den italienske komponisten Claudio Monteverdi, 1568-1643. Monteverdi Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Monteverdi Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).