Beethoven Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°44′S 73°41′W
Beethoven Peninsula
halvøy
none  Topografisk kart med skala 1:250.000 av Beethoven Peninsula.
Topografisk kart med skala 1:250.000 av Beethoven Peninsula.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Aleksanderøya
 - koordinatar 71°44′S 73°41′W
Administrert under Antarktistraktaten
Beethoven Peninsula is located in Antarktis
Beethoven Peninsula (Antarktis)

Beethoven Peninsula er ei forreven, isdekt halvøya, 100 km lang og 100 km på det breiaste, på sørvestdelen av Aleksanderøya, som ligg utanfor sørvestsida av Den antarktiske halvøya. Langs sørsida av halvøya ligg Bach isbrem, medan Wilkins isbrem ligg langs nordsida. Mendelssohnfjorden, Brahmsfjorden og Verdifjorden trengjer seg inn på halvøya. Bach isbrem, Rossini Point og Berlioz Point ligg i nærleiken, ved Ronne Entrance frå Sørishavet. Beethoven Peninsula er ei av åtte halvøyar på Aleksanderøya.

Halvøya vart først sett og fotografert frå lufta i 1940 av U.S. Antarctic Service, som laga det første kartet over den sørvestlege delen av Aleksanderøya. Ho vart kartlagd på ny og fotografert frå lufta av Ronne Antarctic Research Expedition (RARE), 1947–48, og kartlagde på ny frå foto av RARE av Derek J.H. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Ho vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee etter komponisten Ludwig van Beethoven.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]