Monza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Monza
Monza-duomo.jpg
Plassering
Monza is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Monza og Brianza
Borgarmeister Marco Giglio
Geografi
Flatevidd
 - By

33,03 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

122 263
  3704/km²
Koordinatar 45°35′″N 9°16′″EKoordinatar: 45°35′″N 9°16′″E
Høgd over havet 162 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 20052
Telefon-retningsnummer 39 039
Nettstad: www.comune.monza.mi.it

Monza (Munsciavestlombardisk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Monza og Brianza i regionen Lombardia og har om lag 125 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Lambro, ei av sideelvane til Po, om lag 15 km nordaust for Milano. Byen er mest kjend for bilbanen som ligg her, Autodromo Nazionale Monza.

Monza vart offisielt hovustad i provinsen 11. juni 2004. Monza er den tredje største byen i Lombardia og det viktigaste økonomiske, industrielle og administrative senteret i Brianza-området.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter busetnadar i Monza-området sidan bronsealderen, der folk budde i pålelandsbyar over elvane og myrene. Omkring 200-talet fvt. la romarane under seg insubrarane, gallarar som hadde kryssa Alpane og busett seg rundt Mediolanum (i dag Milano). Ei gallisk-keltisk stamme, som truleg var insbruarane, grunnla så ein landsby ved Lambro og i dag finst det ruinar av ei bru over elva frå denne tida. Under Romarriket vart byen kalla Modicia.

Langobardane invaderte Italia etter Vestromarriket sitt fall og den lombardiske kongen Autari gifta seg med Theodelinda dottera til Garibald I av Bayern i byen.

Den nye dronninga gav ordre om å byggje ei lita kyrkje ved elva, som i dag er ein del av basilikaen St. Johannes.

I mellomalderen var kommunen Monza til tider sjølvstendig, og i periodar underlagt Milano og Huset Visconti.

Den første jernbanen i Nord-Italia vart bygd mellom Milano og Monza og opna 17. august 1840.

29. juli 1900 vart kong Umberto I av Italia mydra i Monza av anarkisten Gaetano Bresci.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]