Huset Visconti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Våpenskjoldet til Visconti av Milan som viser ein biscione, ein slange som ser ut til å ete eit menneske, men som i røynda gjev liv til det.

Huset Visconti var ein adelsfamilien i Italia i høgmellomalderen. Dei hadde opphavet sitt i Republikken Pisa på midten av 1100-talet. Dei sprang først fram i Pisa, så på Sardinia, der dei vart herskarar av Gallura, og til slutt i Milano, som dei er mest kjend for.

Visconti av Pisa og Sardinia[endre | endre wikiteksten]

Den første kjende Visconti i Pisa var Alberto, som hadde tittelen aristokrat. Alberto sin son Eldizio hadde titlane aristokrat og konsul frå 1184 til 1185. Det var sønene til Eldizio, Lamberto og Ubaldo I, som førte familien til makta i Pisa og Sardinia. Begge hadde tittelen aristokrat og fungerte som ein podestà.

I 1212 var det totalt anarki i Pisa då forskjellige grupper, både for og imot Visconti, kjempa om den politiske makta. I midten av januar 1213 leia Vilhelm I av Cagliari ein koalisjon av styrkar som var mot Visconti til siger i eit slag nær Massa over den kombinerte styrken til Lucca og Visconti under Ubaldo. Etter dette vart makta i Pisa delt mellom fire rektorar og ein av desse var frå Visconti-familien. Visconti av Sardinia haldt fram å ta del i det politiske livet i Pisa til slutten av hundreåret, men makta deira der vart kraftig svekka etter 1213.

På Sardinia hadde Eldizio gifta seg med dotter til Torchitorio III av Cagliari, som vart mor til Lamberto og Ubaldo. I 1207 gifta Lamberto seg med Elena, arvingen til Barisone II av Gallura og slik sikra dei kontrollen over det nordaustlege hjørnet av Sardinia med hovudstaden hans i Civita. I 1215 oppretta han og Ubaldo hegemoniet sitt over Giudicato av Cagliari sør på øya i tillegg. Gjennom ekteskapa sine sikra Lamberto sin son, Ubaldo II, og sikra makta i Logudoro ein periode. På midten av hundreåret var styret til Pisa på Sardinia utan motstand på grunn av Visconti, som gjennom ekteskap var allierte med andre mektige familiar i Pisa (Gherardeschi og Capraia) og Sardinia (Lacon og Bas-Serra).

Visconti av Gallura nytta ein hane som symbolet sitt (Gallura tyder «landet til hanane»), medan Visconti i Milano nytta ein slange.

Visconti-herskarar av Gallura[endre | endre wikiteksten]

Visconti av Milan[endre | endre wikiteksten]

Ottone tok Visconti til makta i Milano etter å ha kjempa om kontrollen med rivalane i Della Torre-familien i 1277. Visconti-familien styrte Milano fram til tidleg i renessansen, først som herrar, og frå 1395 som hertugar. Visconti sitt styre i Milano enda då Filippo Maria Visconti døydde i 1447. Han vart etterfulgt, etter ein kortvarig republikk, av svigersonen sin Francesco I Sforza, som byrja ein periode for byen under Huset Sforza.

Visconti-herskarar i Milano[endre | endre wikiteksten]

Familietreet til Visconti av Milano[endre | endre wikiteksten]

Etterfølgjarane til Uberto Visconte ( † midten av 1200-talet)
  1.  Ottone{1207-1295}
     erkebiskop av Milano (1262)
     herre av Milano (1277-78) and (1282-85).
  2.  Andreotto (1200-talet)
    1.  Teobaldo Visconti (1225-1275)
      1.  Matteo I Visconti
          capitano del popolo av Milano (1287-1298)
          herre av Milano (1287-1302) og (1311-1322)
        1.  Galeazzo I
           herre av Milano (1322-1327)
          1.  Azzone
             herre av Milano (1329-1399)
        2.  Marco († 1329)
        3.  Giovanni
           erkebiskop i Milano (1339)
           herre av Milano (1339-1354)
           herre av Bologna og Genova (1331-1354).
          1.  Giovanni da Oleggio (truleg)
             herre av Bologna (1355-1360)
        4.  Luchino
           herre av Milano (1339-1349)
          1.  Luchino Novello (døydde 1399)
        5.  Stefano (døydde 1327)
          1.  Matteo II
             herre av Milano (1354-1355)
          2.  Galeazzo II
             herre av Milano (1354-1378)
            1.  Gian Galeazzo
               herre av Milano (1378-1395)
               hertug av Milano (1395-1402)
              1.  Valentina
                 gift (1387) Ludvig av Orléans
              2.  Giovanni Maria
                 hertug av Milano (1402-1412)
              3.  Filippo Maria
                 hertug av Milano (1412-1447)
                1.  Bianca Maria (uekte born av Agnese del Maino)
                    i 1441 gift med Francesco I Sforza, seinare hertug av Milano
          3.  Bernabò
             hertug av Milano (1354-1385)
      2.  Uberto il Pico (1280?-1315)
        1.  Vercellino
           podestà av Vercelli (1317) og Novara (1318-1320).
          1.   Linja til Visconti di Modrone, marki (1694) og seinare hertugar (1813) av Vimodrone, som inkluderer medlemmer frå Luchino Visconti og Eriprando Visconti.

Visconti av Modrone[endre | endre wikiteksten]

Frå Uberto, bror til Matteo I, kom familiegreina hertugane av Modrone. Til denne familien høyrte Luchino Visconti til, ein av dei viktigaste filmregissørane , one of the most prominent film directors of Italian neorealist cinema.

Andre medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]