Morača

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Morača
Eit gjel Morača renn gjennom.
Eit gjel Morača renn gjennom.
Utspring Fjellet Rzača
Munning Shkodërinnsjøen
- Høgd 6 m
Land i nedslagsfelt Montenegro
Lengd 113 km
Sideelvar Zeta
Renn gjennom Podgorica

Morača (Serbisk/montenegrisk kyrillisk: Морача) er ei elv i Montenegro. Ho har sitt utspring i nordlege delar av Montenegro ved foten av fjellet Rzača, og strøymer 113 km sørover før ho munnar ut i Shkodërinnsjøen.

Nord for Podgorica.

Morača er ei strid fjellelv i dei nordlege områda, og har laga eit storarta gjel nord for Podgorica. Like nord for Podgorica slår elva seg saman med den største sideelva Zeta, før ho kjem ut på Zetasletta. Vidare strøymer ho over dette flate landskapet før ho munnar ut i Shkodërinnsjøen.

Morača er ei relativt lita elva, og er sjeldan meir enn 100 m brei og for det mest grunn. Derfor er det ikkje mogeleg med transport på elva. Ei bru over Moračagjelet fungerer i dag som hovudfartsåre frå Serbia og Podgorica til kystområda av Montenegro. Vegen er derimot rekna som særs farleg, og vil sannsynlegvis verte bytta ut med ein omkøyringsveg i framtida.

Morača er rekna som eit av symbola på Podgorica, og er den største elva som renn gjennom byen.