Moratsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moratsjøen
Lac de Morat
Murtensee
Moratsjøen Lac de Morat Murtensee -
Stad kantonen Fribourg/Vaud
Koordinatar 46°56′N 7°5′EKoordinatar: 46°56′N 7°5′E
Tilsig Broye
Utsig Broye-kanalen
Tilsigsområde 693 km²
Tilknytte land Flag of Switzerland.svg Sveits
Største lengde 8,2 km
Overflateareal 22,8 km²
Største djupne 45 m
Vassvolum 0,55 km³
Hydraulisk opphaldstid 1,6 år
Høgd over havet 429 moh
Øyar La Grande Ile (holme)
Busetnadar Murten

Moratsjøen, (fransk: Lac de Morat, tysk: Murtensee), er ein innsjø i det vestlege Sveits. Han ligg i og mellom kantonane Fribourg og Vaud. Fribourg omkrinsar nordaustdelen av innsjøen, Vaud den sørvestlege delen. Han er den minste av tre innsjøar i Seeland-området ved foten av Jurafjella.

Moratsjøen har eit areal på 22,8 km². Han er 8,2 kilometer lang og 2,8 km på det breiaste. Innsjøen ligg 429 meter over havet, og er på det djupaste 45 meter. Elva Broye er hovudvasskjelda til innsjøen, medan Broyekanalen er avlaup til den nærliggande Neuchâtelsjøen, som ligg på same nivå. Neuchâtelsjøen er i sin tur knytt til Bielsjøen gjennom ein annan kanal. Slik fungerer dei tre innsjøane som flaumreservoar i høve til den store elva Aare, som renn ut i Bielsjøen.

Lac de Morat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Murtensee