Seeland i Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vully Seeland.jpg

Seeland (Drei-Seen-Land) (fransk Pays des trois lacs) er ein region i Sveits, ved foten av dei første fjella i Jurafjella. Regionen inneheld tre store innsjøar, Murtensjøen, Neuchâtelsjøen og Bielsjøen. I tidlegare tider var området flodsletta til Aare og derfor myrlendt. Etter det store hydrologiske arbeidet kalla Jura-vasskorreksjonen vart området drenert og oppdyrka. Seeland er eit av dei viktigaste områda i Sveits for dyrking av grønsaker, særleg i Grand Marais (Grosses Moos).

Regionen ligg innanfor grensene til kantonane Bern, Fribourg, Neuchâtel og Vaud, og dannar delar av språkgrensa mellom det fransk- og tysktalande Sveits.

Seeland er ein av fem administrative distrikt i kantonen Bern, og har kring 70 000 innbyggjarar fordelt på 46 kommunar.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

General Area Map
Chamber of economy Biel-Seeland