Moretto i Brescia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgenen Justina, ca 1530-34
Relieff av Moretto

Alessandro Bonvicino, betre kjend som Moretto i Brescia, (ca 14901554) var ein italiensk målar under renessansen, aktiv i Brescia og Venezia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Moretto var frå Roveto i nærleiken av Brescia. I nettopp Brescia gjekk han i lære hos målaren Floriano Ferramola. Gjennom sjølvstudium av, og kanskje i lære hos, målarar som Tizian, Jacopo Palma og Girolamo Romanino vart Moretto ein framifrå målar, som allereie i 1516 hadde sin eigen verkstad.

I sine verk sameiner Moretto det sjelfulle utrykket, den frie og grasiøse framtoninga og friske, delikate fargar, samt eit fint avstemt spel mellom det lyse og det mørke. Særleg er dei lyse bakgrunnane karakteristiske for bileta hans, der figurane framstår som rett livaktige vesen. Tøyet i dei ulike kleda er presist avbilda, det vere seg om det er atlask, fløyel, gull eller sølvliknande stoff.

Moretto sine altartavler og oljemåleri representerer det beste han laga. Til dømes ei stor altartavle i San Elemente-kyrkja i Brescia, ho syner helgenane Klemens, Dominikus, Florian, Katarina og Magdalena. Måleriet med helgenen Justina er eitt av hans sentrale verk. Dei talrike kyrkje-bileta hans viser ei djupfølt, religiøs kjensle. Moretto laga også portrett og freskar, utan å nå same nivået som i dei sjangrane han lukkast som best.

Giovanni Battista Moroni var ein av elevane hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moretto i Brescia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]