Brescia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brescia
Brescia sett frå byborga
Brescia sett frå byborga
Byvåpenet til Brescia
Byvåpenet til Brescia


Plassering
Brescia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Brescia
Borgarmeister Paolo Corsini
Geografi
Flatevidd
 - By

90 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

192 165
  2087/km²
Koordinatar 45°32′″N 10°14′″EKoordinatar: 45°32′″N 10°14′″E
Høgd over havet 150 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 25100
Telefon-retningsnummer 030
Nettstad: www.comune.brescia.it

Brescia (austlombardisk Brèsa) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Brescia i regionen Lombardia og har om lag 190 000 innbyggjarar. Han ligg ved foten av Alpane mellom Mella og Navigilio. Han er den nest største byen i Lombardia etter Milano.

I lag med den antikke byen Brixia har Brescia vore eit viktig regionssenter sidan førromersk tid og fleire monument frå romartida og mellomalderen er bevart.

Byen er senteret i det tredje største industriområdet i Italia. Selskapa er som regel små eller mellomstore og ofte familiebedrifter. Finanssektoren er òg ei stor næring og turismeindustrien går godt sidan byen ligg nær Gardasjøen, Iseosjøen og Alpane.

Byplanen er rektangulær og gatene kryssar kvarandre i rette vinklar, noko dei har gjort sidan romartida, men området innanfor bymurane frå mellomalderen er større enn den gamle romerske byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Kart over Brescia tidleg på 1700-talet.

Det finst forskjellige soger og teoriar om korleis Brescia vart til. Ei soge seier at Herkules grunnla byen, medan ei anna fortel om Altilia («den andre Ilium») som var rømlingar etter slaget ved Troja. I følgje ei anna soge var grunnleggjaren kongen av ligurararne, som invaderte Posletta seint i bronsealderen. Andre lærde meiner at byen vart grunnlagd av etruskarar.

Området vart invadert av galliske kenomanarar, som var allierte av insubrarar, på 300-talet fvt. og dette vart hovudstaden deira. Byen vart romersk i 225 fvt.. Under punarkrigane var Brixia stort sett allierte med romarane, i 202 fvt. slo dei seg saman i eit keltisk forbund mot dei, men etter hemmelege avtalar byta dei side og overraska insubrarane med eit åtak som øydela dei. Derfor gjekk byen fredeleg inn i Romarriket som ein trufast alliert. I 89 fvt. fekk han status som civitas (by) og i 41 fvt. fekk innbyggjarane romersk borgarskap. Augustus grunnla ein sivil koloni her i 27 fvt. og han og Tiberius bygde ein akvedukt for denne. Den romerske byen Brixia hadde minst tre tempel, ein akvedukt, eit amfiteater, eit forum og nokre bad.

I 402 vart byen rasert og vestgotarane under Alarik I. Under invasjonen til hunarane under Attila vart byen igjen omleira og plyndra (452) og førti år seinare vart han ein av dei første stadane den gotiske generalen Teoderik den store i krigen hans mot Odovacer.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Piazza della Loggia.

I 568 eller 569 vart Brescia okkupert av langobardar, som gjorde han til hovudstad i eit av deira delvis sjølvstendige hertugdøme. . Den første hertugen var Alakis, som døydde i 573. Av seinare hertugar finn ein mellom anna den framtidige kongen Rotharis og Rodoald, og Alakis II, ein lidenskapleg antikatolikkk som vart drepen i slaget ved Cornate d'Adda (688). Den siste kongen til langobardane, Desiderius, hadde òg vore hertug av Brescia. I 774 erobra Karl den store byen og endra det lombardiske kongedømet i Nord-Italia.

Notingus var den første fyrstbiskopen (i 844) og han fekk tittelen greve. Seinare vart makta til biskopen utfordra av lokale innbyggjarar og adelsfolk og Brescia vart ein fri kommune tidleg på 1100-talet. Han utvida så områda sine til den omliggande landsbygda og seinare inn i nabokommunane, som Bergamo og Cremona. Brescia slo dei to sistnemnde to gonger ved Pontoglio, og så ved Grumore (midten av 1100-talet) og i slaget ved Malamorte (1192).

I kampane mellom byane i Lombardia og keisarane vart Brescia med i eit av forbunda. I slaget ved Legnano vart kontingenten frå Brescia den nest største etter den frå Milano. Konstanz-avtalen (1183) som enda krigen med Fredrik Barbarossa stadfesta statusen som fri kommune. Etter at Brescia hadde tatt del i slaget ved Cortenova i 1237 omleira keisar Fredrik II i 1238 Brescia, men byen gjekk sigrande ut. Etter fallet til Hohenstaufen-familien kjempa fleire mektige familiar om makta i byen. I 1258 kom byen inn under Ecceolino av Verona.

Duomo Nuovo og Duomo Vecchio.

I 1311 la Henrik VII ei seks månadar lang omleiring av Brescia og mista tre fjerdedelar av hæren sin. Seinare prøvde Scaliger av Verona med hjelp av medlemmar av Ghibellini i eksil å legge Brescia under seg. Innbyggjarane søkte så tilflukt hos John av Luxemburg, men Mastino II della Scala kasta ut guvernøren han peikte ut og like etter vart makta hans over byen utfordra av Visconti-familien i Milano, men Pandolfo Malatesta i 1406 tok i staden byen føre nasen på dei begge. Han selde byen i 1416 til Filippo Maria Visconti, som i 1426 selde han vidare til venetianarane. Adelen i Milano tvinga Filippo til å gå imot venetianarane og på den måten få tilbake byen, men han vart slått i slaget ved Maclodio (1427), nær Brescia. I 1439 vart Brescia enno ein gong omleira av Francesco Sforza, kapteinen til venetinarane, som slo Niccolò Piccinino, Filippo sin condottiero. Frå den tid vart Brescia rekna som ein del av Republikken Venezia, bortsett frå åra mellom 1512 og 1520, då han var okkupert av den franske hæren under Gaston de Foix. Tidleg på 1500-talet var han ein av dei rikaste byane i Lombardia, men kom seg aldri att etter plyndringa til franskmennene. Vidare følgde byen historia til Venezia fram til 1796, då han kom inn under Austerrike.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

I 1769 vart byen øydelagd då San Nazaro-kyrkja vart råka av eit lynnedslag. Brannen som starta sette fyr på 90 tonn med krutt som var lagra der. Dette skapte ein enorm eksplosjon som øydela ein sjettedel av byen og tok livet av 3 000 menneske.

Mot slutten av napoelonskrigane vart Brescia annektert til den austerrikske vasallstaten kalla Kongedømet Lombardia-Venetia. Brescia gjorde opprør i 1848. Han utmerkte seg igjen for opprøret kalla Dei ti dagane i Brescia (mars 1849).

Brescia vart annektert til Italia i 1859.

Byen fekk gullmedalje for motstandskampen deira mot facismen under den andre verdskrigen.

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]