Mudra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Indisk dansepositur med hendene i mudrastillingar.

Mudra er innan dharmisk tradisjon ein fastlagd gest med symbolsk tyding. Dei fleste mudraer blir forma gjennom visse hand- og fingerstillingar, men ein kan også nytta andre delar av kroppen. Dei har viktig tyding innan hinduismen, buddhismen, djainismen og taoismen. Mudraer blir nytta innan klassisk indisk dans, skulptur, bilete og innan utøving av hinduritual, buddhistisk meditasjon, yoga og tantra. Mudraer kan også nyttast til å verna eller «forsegla» kroppen.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «mudra» (devanagari मुद्रा, mudrā) er sanskrit og tyder ‘segl’ eller ‘teikn’. På kinesisk heiter gesten yin eller yinxiang,[a] på japansk in-z og på koreansk insang.

Añjalimudra er ein tohendig mudra.

Verk som Natyasjastra skil mellom einhendige og tohendige mudraer, og nemner 24 asaṁyuta (‘delte’, det vil seia ‘einhendige’) og 13 saṁyuta (‘samla’, eller ‘tohendige’).

Kopi av høgrehanda til Den store buddhastatuen ved Lingshan som danner abhayamudra. Det er rekna som lukkebringande å gå ein gong rundt denne handa.

Nokre viktige mudraer[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende mudraer er teiknet for vern eller fryktløyse (abhayamudra), der høgre arm peiker famover og handa med handflaten ut peiker oppover.

Añjalimudra er ein gest der ein fører handflatene saman framfor brystet. Teiknet symboliserer den bakforliggjande sanninga.

Ein annan utbreidd mudra er varadamudra, der ein strekk ut handa og vender handflata ut og nedover. Teiknet står for oppfylling av ønske.

Bruk i buddhismen[endre | endre wikiteksten]

Buddhaen ved Kamakura med hendene i ein dhyanimudra.

Forming av mudra er blitt stadig meir viktige i mahayanabuddhisme, særleg innan vajrayana, der mudraer har ein rik symbolisme og er blitt knytte til mantra. Ein kan gjera andre mentale øvingar, som å visualisera, medan ein held ein mudra.

Mudraer blir også nytta i biletkunst, der dei gjerne blir brukte ikonografisk, til å identifisera den som er avbilda. Buddhafigurar er alltid blitt framstilte med hendene lagde i visse faste mudraer, til dømes ‘dharmahjulet’ ( dharma-cakra-mudra), der tommel og peikefing på kvar hand former ein sirkel, ‘jord-røring’ ( bhumi-spara-mudra), der høgre hand rører jorda.

Dhyanimudra er ein meditasjonsgest der hendene ligg laust i kvarandre med handflatene vend oppover.

Bronseskulptur av Visjnu som held fleire mudraer.
To nepalske heilage menn syner mudraen vitarka, den tredje (til venstre) abhaya.

Bruk i hinduismen[endre | endre wikiteksten]

Innan hinduismen helser ein typisk gudar, guruar og andre ein vil visa respekt med ein añjalimudra, også kjend som namaste eller namaskaram. Om ein vil visa særskild underkasting løfter ein teiknet over hovudet

Framstillingar av gudar og religiøse leiarar viser dei ofte med ei eller fleire hender i mudraer.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kinesisk skrift 印相, pinyin yìnxiàng, Wade-Giles yin-hsiang

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «mudra»,  The Oxford Dictionary of Dance av Debra Craine og Judith Mackrell. Oxford University Press Inc.
  • «Mudra»,  The Concise Oxford Dictionary of World Religions. Red. John Bowker. Oxford University Press, 2000.
  • «mudrā», A Dictionary of Buddhism. Red. Damien Keown. Oxford University Press, 2003.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]