Pannemerke i hinduismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei hindukvinne signar ei anna ved å laga eit raudt merke på panna hennar.

Pannemerke er nokre av dei tydelegaste teikna på religion som blir brukt av mange hinduar. Det finst ulike undergrupper av slike merke, der prikken i panna som kvinner ber er den best kjende. Pannemerka blir ofte omtala som «kastemerke», men dei viser svært sjeldan kva kaste nokon høyrer til. I staden kan dei visa til kva gud ein dyrkar og til tider fortelja noko om ein er gift eller ikkje og om ein er hinduprest eller asket. Menn, kvinner og barn kan alle bera pannemerke, anten dagleg eller ved visse høve, som ei avskjed, eit giftarmål eller ei tempelvitjing. Merka finst i mange fargar og utformingar. Dei kan målast, pressast eller klistrast på panna, og går av etter ei stund.

Sanskritordet for 'merke', tilaka (tilakhindi), kan brukast om alle typar religiøse merke, om dei er laga i panna eller andre stader.

Merke for alle[endre | endre wikiteksten]

Den enklaste forma for pannemerke er ein pulverflekk påført med ein finger i panna. Ein kvar hindu kan gjera dette på seg sjølv, til dømes i samband med morgonstellet eller ei dagleg bøn. Hinduar og andre kan også få flekken påført, til dømes av ein prest i eit tempel eller av kvinna i eit hus ein forlet. For å laga slike enkle merke bruker ein ulike pulver, som sinoberraudt, gurkemeie, leir, oske eller liknande.

Kvinnemerke[endre | endre wikiteksten]

Prikk[endre | endre wikiteksten]

Moderne klistrebindiar.

Det best kjende hinduiske pannemerket er den svarte eller raude prikken mange kvinner ber. Denne prikken heiter bindihindi og påttetamil.

Opphavleg laga ein prikken sjølv med naturmateriale, som eit klister laga av gurkemeie, sinoberraudt pulver eller farga sandeltre. I moderne tid er det vanlegare å måla han på med ferdigblanda bindimåling, eller å bruka ein ferdiglaga bindi med klister på baksida, som på eit klistremerke. Slike klistrebindiar kjem i ei rekke utformingar, frå dei vanlege runde til fargerike og intrikate mønster.

Tradisjonelt hadde gifte kvinner raud prikk i panna og ugifte svart. I dag er dette mindre nøye. Skikken med å bruka bindi har også spreidd seg, slik at ikkje berre hinduar ber han. I Vesten er rockestjerna Gwen Stefani kjend for å ha spreidd bruken av pannemerke ved å opptre med bindi.

Pulver[endre | endre wikiteksten]

I mange hinduiske ekteskapsseremoniar påfører ein brukar litt sinoberraudt pulver midt i øvre delen av panna, ved hårfestet. I nokre delar av Nord-India bruker gifte kvinner (som ikkje er enkjer) dette pulveret dagleg, i tillegg til bindien.

Merke knytte til religiøs utøving[endre | endre wikiteksten]

I samband med religiøse hendingar er det vanleg å laga eit merke på panna før eller etter. Prestar vil svært ofte bera særskilde merke alt etter kva sekt dei høyrer til. Ein sadhu, eller hinduisk asket, vil også ofte ha eit tydeleg pannemerke som seier noko om kva religiøs retning han følgjer.

Det store skiljet i hinduismen går mellom dei som dyrkar Sjiva (og nærskylde gudar) og dei som dyrkar Visjnu (inkludert avatarar), noko ein ser tydeleg på dei ulike pannemerka dei to gruppene bruker.

Sjiva-dyrkarar teiknar som regel tre lyse vassrette striper over panna, gjerne med ein raud prikk, til tider også med eit halvmåne- eller treforksymbol, som er teikn for guddommen. Merket er typisk laga med heilag oske, bhasma.

Visjnu-dyrkarar teiknar to loddrette strekar som går saman i ein U eller V, gjerne med ein annan strekk eller ein prikk imellom. Dette står for foten til Visjnu. Merket er som regel laga av sandeltreblanding, tsjandan.

Symbolikk og praktisk tyding[endre | endre wikiteksten]

Pannemerka er berre ein av dei religiøse dekorasjonane til desse nepalske asketane.
Foto: Luca Galuzzi

I tillegg til den symbolske tydinga av merket, kan stoffet ein påfører panna ha ein kjølande verknad som kan vera til hjelp ved meditasjon og andre handlingar som krev konsentrasjon.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Tempelelefant med Sjiva-merke.
Foto: Appaiah

Dei same merka som ein har i panna kan også lagast på andre kroppsdelar.

Ved nokre høve kan ein også teikna merka på dyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pannemerke i hinduismen