Muhammad Yunus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muhammad Yunus

Muhammad Yunus (Bengali: মুহাম্মদ ইউনুস Muhammod Iunus) (fødd 28. juni 1940) i Chittagong) er ein økonom frå Bangladesh. Han har utvikla omgrepet mikrokreditt; å gje små lån for å starte opp næringsverksemd til folk som er for fattige til å få vanlege banklån. Yunus er grunnleggjaren av Grameen Bank. Banken og Yunnus delte Nobels fredspris i 2006, «for arbeidet deira for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå». Han er den tredje bangladesharen som har fått ein nobelpris, etter diktaren Rabindranath Tagore og økonomen Amartya Sen.

Utdanning og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Yunnus starta universitetsutdanninga si på Dhaka University. Han tok doktorgraden i økonomi ved Vanderbilt University i 1969 som Fulbright-stipendiat. Etterpå blei han tilsett vedChittagong University som professor i økonomi.

Yunus tok første gong opp arbeidet mot fattigdom under ein svoltkatastrofe i Bangladesh i 1974. Han oppdaga at svært små lån kunne ha ein stor verknad på mogelegheitene nokon hadde for å overleva.

Stiftinga av Grameen Bank[endre | endre wikiteksten]

Yunus stifta Grameen Bank i 1976 for å gje lån til fattige. Sidan då har banken lånt ut meir enn 5,1 milliardar US$ til 5,3 millionar lånarar. For å sikra seg at låna blir betalte attende nyttar den eit system med solidaritetsgrupper. I desse gruppene søkjer folk om lån saman og er kollektivt ansvarlege for gjelda.

Etter kvart har banken òg utvikla andre former for kreditt, som huslån og lån til fiskeri og vatningsprosjekt, risikokapital og sparekontoar.

Suksessen til Grameen-modellen har inspirert liknande tiltak i ulike utviklingsland, og til og med i industrialiserte land, som t.d. i Noreg og USA.

Grameen-modellen for mikrofinansiering har vorte etterlikna i 23 land. Mange, men ikkje alle, mikrokredittprosjekt etterliknar òg vektlegginga på å låna ut til kvinner spesielt. Meir enn 96 % av Grameen-låna har gått til kvinner, for dei lid meir av fattigdom og er meir tilbøyelege enn karar til å bruka det dei tener til å stetta behova til heile familien.

Han fekk Nobels Fredspris i 2006 for innsatsen for å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå. Han fekk prisen den 13. oktober 2006.

Sitat[endre | endre wikiteksten]

  • «Ein dag vil barnebarna våre fara til musea for å sjå kva fattigdom var for noko.» Frå «The Independent» 5. mai 1996.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]