Mikrokreditt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mikrokreditt er ei nemning brukt om små lån til menneske som ikkje blir rekna som kredittverdige av vanlege bankar. Kreditten blir gjeven som ei form for hjelp til sjølvutvikling, der fattige menneske får kapital slik at dei kan starta si eiga verksemd og koma seg ut av fattigdomen. Ordninga er ei aukande form for utviklingshjelp som kan vera svært vellukka.

2005 er utnemnd til år for mikrokreditt av SN.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var i 1970-åra at ein medvite tok til å bruka mikrokreditt som ei form for utviklingshjelp. Studentorganisasjonen Accion International var truleg den første som gjekk over til dette, i 1973, då dei som eit forsøk gav fattige menneske i Recife i Brasil lån som kunne gjera dei sjølvberga, i staden for å vera underlagde lånehaiar. I løpet av fire år gav Accion 885 lån som hjelpte til med å skapa eller rygga 1 286 arbeidsplassar. 90 % av dei utlånte midla blei betalte tilbake. Forsøket viste at dette hadde mykje større positive effektar enn å bygga infrastruktur for innbyggjarane.

På om lag same tid, truleg sjølvstendig frå forsøket til Accion, starta den bangladeshiske USA-utdanna økonomen Muhammad Yunus eit liknande prosjekt i heimlandet sitt. Under hungersnauda i Bangladesh i 1974 fann han ut at svært små lån kunne ha stor effekt på livet til fattige, medan bankar ikkje var interesserte i å gje slike lån til folk dei meinte var kredittrisikable. Yunus gav derfor eit lån på 27 dollar frå si eiga lomme til 42 kvinner som laga bambusmøbel. Kvinnene hadde tidlegare teke opp lån med svært høg rente for å få råd til å kjøpa trevyrke. No kunne dei sjølv, i staden for lånehaiane, nyta godt av fortenesta.

I 1976 grunnla Yunus Grameenbanken som skulle gje lån til fattige bangladesharar. For å sikra tilbakebetaling gav banken lån til grupper der medlemmene stilte garanti for kvarandre og samarbeida om økonomisk vekst. Grameenmodellen blei ein stor suksess, og er blitt kopiert av mange andre mikrokredittlag. Mellom anna viste erfaring at kvinner var mykje betre til å betala tilbake låna, og til å bruka det dei tente på familiane sine. Både Grameenbanken og mange andre mikrokredittprosjekt gjev derfor hovudsakleg lån til kvinner.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Noreg var eit av dei i-landa som var først ute med mikrokreditt. Det starta som eit prøveprosjekt i Lofoten i 1992. Jorunn Strømsvåg tok initiativet etter inspirasjon frå Grammen Bank. Den gongen var det eit kvinneprosjekt og fekk namnet Kvinnebank i Lofoten. Ordninga har ført til 80 bedriftsetableringar i løpet av 13 år. Ordninga har spredd seg til resten av landet og får offentleg støtte gjennom Innovasjon Noreg.

Kolibri kapital er ein norsk mikrokredittinstitusjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]