Bengali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bengali
(বাংলা, bangla, bangala, bangla-bhasa)
Klassifisering: indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   apabhransa avahatta
    bengali
Bruk
Tala i: Bangladesh, India og nokre andre land
Bengalitalande i alt: 207 millionar
Rangering: 4
Skriftsystem: Bengali
Offisiell status
Offisielt språk i: Bangladesh og dei indiske statane Vest-Bengal og Tripura
Språkkodar
ISO 639-1: bn
ISO 639-2: ben
ISO 639-3: ben

Bengali eller bangla (বাংলা [bāŋlā]) er eit indoarisk språk som hovudsakleg vert tala i Bangladesh og i dei indiske delstatane Vest-Bengal og Tripura. Det har utvikla seg frå sanskrit, pali og prakrit.

Del av eit dikt skrive av Rabindranath Tagore på bengali og engelsk.

Bengali vert skrive med eit eige alfabet, bengaliskrift, som er i slekt med devanagari (hindiskrift). Tidlegare brukte ein også prachalit nepal (nepaliskrift) til å skriva språket.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ved folketeljinga i Bangladesh i 2001 hadde 110 millionar bengalis som førstespråk medan 250 millionar beherska språket. Ethnologue oppgjev at språket har 193 263 700 i alle land.

I tillegg til Bangladesh finst det mange bengalitalande i India, Nepal, Singapore, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Malawi, Storbritannia, USA og Canada.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bengali er eit SOV-språk og eit tonespråk. Det har tre genus, hannkjønn, hokjønn og inkjekjønn.

Språket har 35 konsonant- og 5 vokalfonem.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Bengali har høg status blant talarane sine, og har ei viktig politisk stilling i Bangladesh. Retten til å bruka språket var ein viktig kampsak i hendingane som førte fram til at Aust-Pakistan lausreiv seg frå Vest-Pakistan og blei landet Bangladesh. Språkrørsledagen blir feira kvart år til minne om bengalarar som døydde for språket sitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediabengali

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bengali

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.