Mupe Bay

Koordinatar: 50°37′7″N 2°13′21″W / 50.61861°N 2.22250°W / 50.61861; -2.22250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

50°37′7″N 2°13′21″W / 50.61861°N 2.22250°W / 50.61861; -2.22250

Mupe Bay

Mupe Bay er ei bukt med rullesteinsstrand aust for Lulworth Cove i Dorset i England, og ho er ein del av verdsarven Jurassic Coast.

Ved bukta finn ein stein frå Krittida av Bindon Hill-typen i nord, gjennom Wealden Beds til Purbeck Beds i sør ved Mupe Rocks.

Mupe Bay er berre tilgjengeleg når dei militære skytebanene ved Lulworth er opne for publikum. Ein kan nå bukta ved ein 2,5 km lang gåtur frå parkeringsplassen ved Lulworth Cove.

I sør finn ein Mupe Ledges og til sjøs Mupe Rocks.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]