Museum Jorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Museum Jorn sett frå elva Gudenåen

Museum Jorn (som fram til 2010 hadde namnet Silkeborg Kunstmuseum - Asger Jorns samlinger) er eit dansk kunstmuseum som ligg ved Remstrup å (Gudenåen) i Silkeborg. Museet rommar samlingar som kunstnaren Asger Jorn skaffa museet frå byrjinga av 1950-talet og fram til han døydde i 1973, både hans eigne verk og verk av andre kunstnarar. Innhaldet i samlinga er sidan blitt dobla.

I tillegg til eit stort tal verk av Jorn, inneheld museet tusenvis av kunstverk av andre kunstnarar, både frå COBRA-gruppa som Jorn tilhøyrde, og av andre kunstnarar som hadde inspirert han og kunstnarisk stod for det same, som Max Ernst, Francis Picabia, Fernand Léger og Man Ray.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Museum Jorn, Troels Andersen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 56°9′38″N 9°33′30″E