Max Ernst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max Ernst (til venstre), saman med statsminister i Vest-Tyskland, Willy Brandt
Skulptur av Max Ernst

Max Ernst (2. april 18911. april 1976) var ein tysk målar, grafikar ohh skulptør frå Brühl i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Kunsten til Ernst vert knytt til stilretningane dadaisme og surrealisme.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ernst studerte fyrst filosofi i Bonn, før han i 1913 reiste til Paris og vart kjend med kustnarane, landsmannen August Macke, Robert Delaunay, Guillaume Apollinaire og Jean Arp. Særleg dei to siste kom til å påverke Ernst mykje.

Etter fyrste verdskrigen danna Ernst i ein dada-gruppe i Köln. Han hadde då sett verk av Giorgio de Chirico, Paul Klee, Pablo Picasso og dadaistane i Zürich. Ernst byrja i måleria sine å føye til trebitar, tapet og anna, og skapte på det viset ei fantastisk draumeverd. Det tvitydige i bileta vart understreka av titlane; Den vesle tårkörteln som seier tikk-takk (1920) og To barn truga av ein nattergal (1924).

Ei separatutstilling i Paris 1921 av Ernst sine arbeid vart av surrealistane rosa opp i skyene. Han fann opp «frottaget», eit fenomen parallellt med André Bretons «automatiske skrift» og Paul Éluard sitt forsøk på å avskaffe den aktive deltakinga i skapingsprosessen av eit bilte.

Måleria og skulpturane som gjer at Ernst vert rekna som ein dei viktigaste surrealistiske kunstnarane, får sitt uttrykk anten frå ei irrasjonell samanstilling av formål, til dømes Om dette skal menneska aldri få vite (1923) eller frå meir fantasifulle marerittaktige improvisisjonar med organiske former, som Horden frå 1927.

Verk av Max Ernst vart i 1937 synt fram på den naziztiske kunstutstillinga med «Entartete Kunst» i München.

Under 2. verdskrigen budde Ernst i USA og slo seg sidan ned i Frankrike. 1961 publiseee han boka An Informal Life of Max Ernst.

Ernst døydde i Paris i Frankrike og vart gravlagd på Père Lachaise der i byen.

Bakgrunnfstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Max Ernst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]