Musikkgruppa Boston

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Boston

Boston i 1977
OpphavBoston i Massachusetts i USA
AktivSidan 1975
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer* Tom Scholz
Tidlegare medlemmer* Brad Delp (død)
  • Jim Masdea
  • Fran Sheehan
  • Sib Hashian (død)
  • Barry Goudreau
  • David Sikes
  • Doug Huffman
  • Fran Cosmo
  • Anton Cosmo
  • Anthony Citrinite
  • Michael Sweet
  • David Victor
  • Kimberley Dahme
  • Boston er eit USA-amerikansk rockeband frå Boston, som var mest populære i 1970- og 1980-åra. Frontmannen og leiaren i bandet er Tom Scholz, som spelte dei fleste instrumenta sjølv på debutalbumet.[1] Dei mest kjende songane til Boston er «More Than a Feeling», «Peace of Mind», «Foreplay/Long Time», «Rock and Roll Band», «Smokin'», «Don't Look Back», «A Man I'll Never Be» og «Amanda». Bandet har selt meir enn 75 millionar plater verda over, inkludert 31 millionar album i USA, der 17 millionar av desse er av debutalbumet og sju millionar av det andre albumet, Don't Look Back, og det gjer Boston til ein av dei bestseljande artistane i verda.[2][3] Samla sett gav bandet ut seks studioalbum over ein karriere på 40 år. Boston vart rangert som det 63. beste hardrockbandet av VH1.[4]

    Historie[endre | endre wikiteksten]

    Drivkrafta i Boston var i hovudsak gitaristen Tom Scholz, fødd 10. mars 1947 i Toledo i Ohio. Han var rockefan frå tenåra og byrja å skrive songar med han tok mastergraden ved Massachusetts Institute of Technology. Etter eksemen arbeidde han for Polaroid og byrja samstundes å byggje sitt eige 12-spors platestudio i kjellaren i heimen sin, der Scholz og vokalisten Brad Delp spelte inn demoar som gav dei platekonrakt med Epic Records i 1975. Sjølv om somme innspelingar og ekstra lydspor vart spelte inn i Los Angeles, var i røynda debutalbumet Boston frå 1976 hovudsakleg spelt inn i kjellarstudioet til Scholz. På den tida hadde bandet utvikla seg til å bestå av Scholz, Delp, gitaristen Barry Goudreau, bassisten Fran Sheehanog trommeslagaren John «Sib» Hashian. Boston inneheldt tre hitsinglar («More Than a Feeling», «Long Time», og «Peace of Mind», og skaut raskt opp til toppen av listene. Albumet var det bestseljande debutplata i historia fram til debutalbumet til Whitney Houston i 1986.[1]

    Trass i den store suksessen til albumet, brukte Scholz over to år på oppfølgjaren, Don't Look Back i 1978. Scholz var ein perfeksjonist og han gav berre ut albumet etter intenst press frå plateselskapet om eit nytt album. Scholz var misnøgd med resultatet og sverja at han skulle skape det neste albumet i det tempoet han sjølv ønskte. Resultatet, Third Stage, kom først ut i 1986, og på den tida var berre Scholz og Delp att frå den originale besetninga.[1]

    Scholz brukte dei neste åra i rettsalen. Til slutt vann han ein sju år lang rettsstrid mot Epic, som hevda at Boston hadde brote kontrakte ved å la det gå så lang tid mellom utgjevingane. Då bandet kom til overflata at i 1994 med albumet Walk On, var Scholz det einaste attverande medlemmet. Delp og Goudreau gjekk i saman i 1992 som RTZ, og gav ut albumet Return to Zero. I motsetnad til tidlegare comeback, selde Walk On dårleg. Radio og MTV ignorerte alle forsøk på singlar eller videoar og den minimalistiske musikkstilen som andre populære artistar tok på denne tida gjorde at den krystallinske produksjonen og dei lange songane verka utdatert.[1]

    Det tok nye åtte år før det kom eit nytt album. Han retta seg mot Internett først med ein singel på www.MP3.com sommaren 2002. Songen vart den mest nedlasta på nettsida og rykte om eit nytt album spreidde seg raskt. Delp var på dette tidspunktet òg attende i gruppa. Scholz skreiv politiske tekstar og gjekk så langt som å kalle plata Corporate America, då han understreka sin forakt for systemet han hadde vore ein viktig del av ein gong. Då plata kom ut på hausten det året, la Boston ut på ein turné som varte inn i 2004. På denne tida byrja Scholz arbeidet på det studioet, ved hjelp av det same studioutstyret bandet hadde brukt sidan starten. Arbeidet gjekk treigt og vart overskugga av at Delp tok sjølvmord i 2007, men det sjette albumet deira, Love, Life & Hope, kom ut på Frontiers Records seint i 2013. Albumet inneheld vokal av Delp og var eit slags steg attende til den klassiske Boston-stilen frå 1970-åra.[1]

    Bandmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

    Noverande medlemmar

    Diskografi[endre | endre wikiteksten]

    Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Musikkgruppa BostonAllmusic
    2. «RIAA Best Selling Artists – Boston». RIAA. Arkivert frå originalen 1. juli 2007. Henta 11. mai 2020. 
    3. «RIAA Gold & Platinum». RIAA. 20. november 2003. Arkivert frå originalen 25. juli 2013. Henta 11. mai 2020. 
    4. «Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Hard Rock Artists: 51-100». Rockonthenet.com. Henta 12. mai 2020. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons har multimedium som gjeld: Musikkgruppa Boston