Myriade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Myriade er eit talord, opphavleg frå gammalgresk, som viser til talet 10 000 (eller 104). På moderne norsk viser ordet som regel berre til ei stor, tallaus mengd.

Arkimedes skal ha laga eit talsystem basert på myriadar for å skildra svært store nummer då han ville rekna ut kor mange sandkorn han ville trenga for å fylla universet. Han brukte då myriadar av myriadar av myriadar, og så bortetter.

Eit ord for denne storleiken finst òg i andre språk. Hebraisk har ordet revava, medan kinesisk har wan (mandarin) og man (kantonesisk), skrive 萬 eller 万. Ordet man finst også på japansk (万/萬) og koreansk (万/만/萬). Desse språka har òg talord for 10.000² – yi (億/亿) på kinesisk, eok [åk] (엌/億) på koreansk og oku (億) på japansk. Japansk har vidare ord for ein myriad opphøgd i tredje, cho (兆), og opphøgd i fjerde, kei (京).

I dei fleste europeiske språka er det vanlegare å dela siffer inn i grupper på tre, som i tusen (103), million (106) og milliard (109). Gammal gresk og austasiatiske kulturar opererer derimot med grupper på fire siffer. På moderne gresk bruker ein framleis ordet myriade, men million er òg brukt, under namnet ekatommyrio (εκατομμύριο)