Verdsreligion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdskart med dei største religionane markert.

Ein verdsreligion er ein religion som er internasjonalt utbreidt og har mange tilhengjarar. Til dømes er kristendommen og islam dei mest utbreidde religionane i verda. Dei 12 klassiske verdsreligionane er:

Det blir likevel opp til kvar einskild korleis ein vil definere verdsreligionar. Det finst ikkje eit fast og etablert kriterium for kor mange tilhengjarar ein religion må ha for å bli kalla ein verdsreligion.

Religionane etter talet på tilhengjarar[endre | endre wikiteksten]

Det er viktig å vere merksam på at alle statistikkar og tal som dei i lista under er usikre og vanskeleg å verifisere. Denne lista inkluderer organiserte religionar og uformelle religionar, som kinesiske folkereligionar. Lista inneheld og tal for ikkje-religiøse.

  1. Kristendom: 2,1 milliardar (oppstod ca år 27, og har delt seg i mange greiner.
  2. Islam: 1,3 milliardar (oppstod ca 622), og har delt seg i fleire greiner: ***
  3. Ikkje-religiøse/Ateistar: 1,1 milliard
    • Denne kategorien inneheld svært mange ulike livssyn som ikkje er religiøse. Kategorien inneheld og livssynshumanisme, fritenkjarar, deistar, pantheisar og Juche. For meir informasjon sjå, Adherents.com
  4. Hinduisme: 1 milliard (oppstod omtrent 1500 fvt.
  5. Kinesisk folkereligion: 394 millionar
    • Dette er ikkje ein einskild organisert religion, men inkluderer element frå taoismen, konfusianismen, buddhismen og tradisjonelle religionar.
  6. Buddhisme: 376 millionar (oppstod 6. hundreåret fvt.)
  7. Tradisjonelle religionar: 300 million ar
    • Dette er ikkje ein organisert religion, men ei rad ulike tradisjonelle religionar, som animisme og sjamanisme.Sidan afrikanske religionar og diasporareligionar er telt for seg sjølv er dei fleste i denne kategorien frå Asia.
  8. Tradisjonelle afrikanske religionar og diasporareligionar : 100 millionar
    • Dette er ikkje éin religion, men inkluderer fleire ulike trusretningar og filosofiske system frå blant anna joruba-folket, ewe og bakongo. Desse religionane har hatt stor innverknad på trua til den afrikanske diasporaen i Amerika.
  9. Sikhisme: 23 millionar (oppstod på 1500-talet)
  10. Spiritisme: 15 millionar (oppstod midt på 1900-talet)
    • Dette er ikkje ein organisert religion, men ei rad ulike trussystem inkludert Umbanda.
  11. Jødedom: 14 millionar (oppstod 13th century BC/BCE)
  12. Bahá'í-trua: 7 millionar (oppstod på nittenhundretalet)
  13. Djainisme: 4.2 milliona (oppstod i det sjette hundreåret fvt.)
  14. Shinto: 4 millionar (oppstod 300 fvt.)
    • Dette er talet på folk som identifiserer seg sjølv med Shinto som primæreligion. Dersom alle som av historiske eller kulturelle grunnar kan kallast Shinto skal inkluderast vil atlet nærme seg 100 millionar.
  15. Cao Dai: 4 millionar (oppstod: 1926)
  16. Zoroastrisme: ikkje meir enn 200 000 (oppstod: ein gong mellom det 16ande og sjette hundreåret fvt.)
  17. Falun Gong: før undertrykkinga: 70-100 millionar; offisilet tal frå Kina: 2.1 millionar* (oppstod: 1992)
    • Falun Gong blir ikkje alltid rekna som ein religion av tilhengjarane eller observatørar.
  18. Tenrikyo: 2 million (oppstod: 1838)
  19. Nypaganisme: 1 million (oppstod i det 20. hundreåret)
  20. Unitær universalisme: 800 000 (oppstod: 1961)
  21. Rastafari: 600 000 (oppstod tidleg på 1930-talet)
  22. Scientologi: 500 000 (oppstod i 1952)[1]

Oversyn over dei største religionsgruppene i verda[endre | endre wikiteksten]

Namn på gruppa Namn på religionen Tal på tilhengjarar Når oppstod religionen Geografisk område
Abrahamittiske religionar
3,4 milliardar
Kristendom 2100 millionar 1. hundreåret Verdsomspennande med unntak av Nord-Afrika, den arabiske halvøya, delar av Sentral-asia, Aust-asia, Kina og søraust-asia
Islam 1300 millionar år 622 Midt-Austen, Nord-Afrika, Sentral-Asia, Sør-Asia, Vest-Africa og Indonesia
Jødedom 14 millionar 13. hundreåret fvt. Israel, USA, Europa
Bahá'í 7 millionar 19. hundreåret Asia, hovudsakleg India, Afrika og Latin Amerika
Dharmiske religionar
1,4 milliardar
Hinduisme 1000 millionar 1500 fvt.
(delar oppstod 2600 fvt.)
det indiske subkontinentet, Fiji, Guyana, Mauritius og Sri Lanka
Buddhisme 376 millionar sjette hundreåret fvt. det indiske subkontinentet, Kina, Tibet, Japan og Søraust-Asia
Sikhisme 23 millionar 1469-1708 India - Punjab
Djainisme 4,2 millionar sjette hundreåret fvt. India, Storbritannia, Canada og Aust-Afrika
Andre religionar
900 millionar
Kinesiske folkereligionar 394 millionar 550-479 fvt. Kina
Innfødde religionar 300 millionar India, Afrika
Tradisjonelle afrikanske og diasporareligionar 100 million ar frå 580-talet fvt. Afrika
Shintoisme 4 millionar 300 fvt. Japan
Zoroastrisme 200 000 16.-6. hundreåret fvt. Iran, India

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelda til denne statistikken, med unnatak av tala for Falun Gong er: Adherents.com, oppdatert i 2005. Slik statistikk som dette er vanskeleg, for meir om metodikken sjå: Adherents.coms forklåring.