Albert Schweitzer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Albert Schweitzer. Gravering av Arthur William Heintzelman.

Albert Schweitzer (14. januar 18754. september 1965) var ein tysk teolog, musikar, filosof og lækjar. Han vart fødd i Kaysersberg i Alsace (tysk Elsass) i det noverande Frankrike. I 1953 mottok Schweitzer Nobels fredspris for 1952, hovudsakleg for sitt arbeid som lækjar i Afrika.

Musikaren Schweitzer[endre | endre wikiteksten]

Schweitzer var mellom dei mest vidgjetne organistane i Europa på fyrste halvdelen av 1900-talet. Han hadde lært orgelspel hjå Charles-Marie Widor i Paris, og gjorde seg merka som tolkar av Johann Sebastian Bach sin orgelmusikk. Som musikkforskar vart Schweitzer vidkjend for tobindsverket Johann Sebastian Bach, som kom i 1908.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Albert Schweitzer
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.