Nål
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei nål er ein reiskap som vert nytta til saum, stopping, broderi eller liknande. Nåler vert som regel laga av metall. I dag er stål det vanlegaste materiale, tidlegare blei også jern og bronse brukt, og i samfunn utan tilgang på metall kan ein bruka bein og horn.
Nåler til handsaum har eit nålauge i den eine enden og er spisse eller butte i den andre enden. Knappenåler har ikkje nålauge, men er i staden litt flattrykte i den eine enden. Storleiken og forma på nålauget varierer etter kva bruk nåla er laga for.
Symaskinnåler har gjerne auget nær spissen.
Nåler kan oppbevarast i nålebrev eller på nåleputer.
Sjå òg[endre]
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelder[endre]
- Syning i Den Store Danske