Nålkapselmosar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Nålkapselmosar | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Anthocerotophyta | |
| Klasser og ordenar | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Anthocerotales Anthocerotopsida Anthocerotophyta [Anthocerotae] |
||
Nålkapselmosar er små, thallause, eittårige landplanter. Eit særtrekk ved nålkapselmosar er at dei berre har éin stor kloroplast pr. celle.
I Noreg finn ein to artar, gulnål (Phaeoceros carolinianus) og svartnål (Anthoceros agrestis). Begge desse artane veks på opa mark i Sør-Noreg, og er sjeldsynte. Desse er derfor på den nasjonale raudlista. Det finst totalt i verda ca. 80 artar, fordelte på seks til elleve slekter, avhengig av slektsoppfattninga[1].
Nålkapselmosane er den gruppa landplanter som har mest dominerande fellestrekk med algane.
Tidlegare vart bladmosar, levermosar og nålkapselmosar samanfatta som mosar. I dag veit ein at ei slik gruppe er kunstig, m.a. fordi bladmosar er søstergruppe til karplantene.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nålkapselmosar» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2011.
- ↑ Kompendium Landplanter 1: Mosene (Solstad,Økland,Nordal), Botanisk Museum & Biologisk Institutt, Universitetet i Oslo, 2010.