Levermosar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Levermosar

Pellia epiphylla, Flikvårmose, ein levermose.
Pellia epiphylla, Flikvårmose, ein levermose.

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Marchantiophyta
Klasser og ordener
Vitskapleg namn
Marchantiophyta


Levermosar (Marchantiophyta) er ei planterekkje. I likskap med andre mosar vantar dei ekte leiiingsvev, og det er den haploide gametofytten som er den sjølvstendige, fotosyntetiserande organismen.

Innhaldsliste

[endre] Fysiske trekk

I likskap med bladmosar og nålkapselmosar vantar levermosar stoffet lignin, og kan difor ikkje dana ekte leiingsvev. Dette avgrensar storleiken deira, då det er ugreit å transportera væske. Flestalle levermosar er mindre en 10 cm lange, og som regel 2-20mm breie.

Levermosar veks både som thallus, eller med bladvokster. Blada på levermosar er gjerne ikkje differensiert frå stengelen, og er aldri meir enn ein celle tjukke. Blada er ofte kuppelforma, og vantar costa (sentral streng).

Sume artar har archegonia og antheridia veksande som separat organ (ofte hjå artar med bladvokster), hjå andre ligg dei inne i thallusen. Sume artar har både organ på same planta, andre er særkjønna (anten hannleg eller hunnleg plante).

[endre] Livssyklus

Hjå levermosar, som hjå alle mosar, er det den haploide gametofytten som er den sjølvstendige organismen. Gametofytten danast frå ein spore. Gametofytten danar hannleg antheridium og hunnleg archegonium. Antheridia danar spermatocyttar, som igjen danar spermceller. Desse har hjå alle artar to flagella. Hjå sume artar er det spermcellen som sym frå eine planten til hine; hjå andre er det sjølve spermatocytten som sym.

Spermcellen og eggcellen (som danast i archegoniet) produserar ein diploid zygot. Til skilnad frå algar veks zygoten inne i archegonieskalet. Zygoten deler seg og vert til eit embryo, som so danar sporofytten. Til skilnad frå andre landplantar kan ikkje sporofytten produsera eiga næring, og lev parasittisk på gametofytten. Det er sporofytten som slepp ut sporane. Desse er haploide, og er difor meiosporar.

[endre] Utbredning

Det er ikkje visst kor mange levermoseartar som finst, men dei fleste overslag ligg på mellom 5000 og 10000 artar. Mange artar har vorte skildra fleire gonger, utan at dette er klårt, som truleg gjer talet høgare enn det i røynda er. Samstundes er det truleg mange artar som ikkje har vorte oppdaga enno.

Levermosar finst i dei fleste økosystemjorda. Dei kan ikkje leva i vatn. Mangelen på lignin gjer at levermosar har mindre effektivt vern mot UV-stråling, som gjer at dei ikkje kan leva på stader med veldig intenst solljos. Flestalle levermosetypar tek til seg vatn gjennom planteyta, og treng difor ein del nedbør. Ein annan faktor som bind levermosar til fuktige område er at spermcellene eller spermatocyttane treng vatn for å koma seg frå ein plante til ein annan.

[endre] Klassifisering

Levermosar er truleg mellom dei fyrste utveklingsstadia hjå embryofyttar (landplantar). Mellom anna vantar alle levermosar stomata på sporofyttane. Difor er det truleg at levermosar byrja å utvikla seg i ei onnor lei enn andre embryofyttar før stomata vart utvikla.

Opphavleg vart levermosar, nålkapselmosar og bladmosar klassifisert i same rekkje, Bryophyta. I dag reknar ein med at karplantane òg er sprungne ut av denne gruppa, noko som gjer Bryophyta parafyletisk. I dag er Bryophyta namnet på rekkja som inneheld bladmosar.

I dag klassifiserast levermosar i rekkja Marchantiophyta, ogso kalla Hepaticophyta. Marchantiophyta var tidlegare delt inn i to klasser:

  • Marchantiopsida. Inneheld artar med enkelt thallus, og sume med bladvokster.
  • Jungermannopsida. Inneheld artar med komplekst thallus, samt ein del med bladvokster.

Nyleg har ein tredje klasse, Haplomitriopsida, vorte definert. Her finn ein blad-danande artar utan rhizoid, og ein del artar med bladliknande thallus, mellom anna Tussemose (Haplomitrium hookeri) som óg veks i Norge.

[endre] Kjelder