Zhou Enlai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhōu Ēnlái i 1946

Zhou Enlai (周恩来, Zhōu Ēnlái), (fødd 5. mars 1898 i Huai'an i Jiangsu i Kina, død 8. januar 1976 i Beijing) var ein viktig leiar i Kinas kommunistiske parti og var statsminister i Folkerepublikken Kina frå 1949 til han døydde.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Zhou Enlai var adoptert inn i ein velståande familie, og fekk ei tradisjonell klassisk utdanning. Han heldt seg delar av sine universitetsår i Tianjin, og seinare studerte han òg i Japan, først ved Meijiuniversitetet i Tokyo (1917-19) og seinare ved universitetet i Kyoto.

Etter tilbakekomsten til Kina vart Zhou kjend landet over under 4. mai-rørsla i 1919. Han leia eit åtak på eit regjeringskontor under studentprotestane mot Versaillestraktaten. Han vart arrestert, men slapp fri året etter. I 1920 drog han til Frankrike der han var aktiv blant revolusjonære kinesiske studentar, året etter vart han medlem av Det franske kommunistparti, og reiste rundt i halve Europa. Han studerte òg i Heidelberg, og der fekk han ein son med ei tysk tenestejente frå Hundeshagen i Eichsfeld. Sonen fall som tysk soldat under slaget ved Stalingrad.

Zhou kom tilbake til Kina i 1924, der det i mellomtida var oppretta einingsfront mellom kommunistane og Guomindang. Kort tid etter byrja han i 1926 som formann for den politiske komiteen ved Whampoa-militærakademiet. Dette militærakademiet var eit fellestiltak mellom kommunistane og nasjonalistane. Zhou si plassering der var frå kommunistisk side meint som motvekt til Chiang Kai-shek.

I 1925 gifta Zhou seg i Tianjin med Deng Yingchao, ein studentleiar. Ho vart seinare ein viktig leiar i det kinesiske kommunistparti. Dei fekk ikkje born, men adopterte fleire foreldrelause born, born av «heltane i revolusjonen». Eitt av barna var den seinare statsministeren Li Peng.

Etter at Kuomintang byrja nordekspedisjonen virka Zhou som arbeidaragitator. I 1926 organiserte han generalstreik i Shanghai og opna byen for Kuomintang.

Etter brotet med Kuomintang lukkast det Zhou å flykte i tryggleik frå terroren deira mot kommunistane. Han klarte å kome seg til provinsen Jiangxi, som var vorte ei kommunistisk høgborg og der det vart organisert ein kinesisk sovjetrepublikk. Der utvikla Zhou seg bort frå den ortodokse kommunisme som hadde hovudvekt på på byproletariatet og arbeidarklassen si revolusjonære leiarrolle, til den maoistiske vektlegginga på bøndene og det revolusjonære potensialet til folket på landet. Her vart Zhou ein av dei viktigaste leiarane for kommunistpartiet.

Tida i Jiangxi vart avløyst av «den lange marsjen», ei sentral hending under den kinesiske borgarkrigen. I januar 1935 kjempa Zhou i lag med Mao mot «Dei 28 bolsjevikane».

Dei åra då kommunistane hadde hovudkvarteret sitt i Yan'an i Shaanxi gjekk Zhou inn for ein allianse med Kuomintang mot Japan, som heldt delar av Kina okkupert. Han spelte ei viktig rolle under Xian-episoden. Under den kinesisk-japanske krigen var Zhou sendemann for kommunistane til Kuomintang i overgangshovudstaden deira Chongqing. Han deltok òg under dei feilslåtte forhandlingane mellom dei to kinesiske gruppene etter den andre verdskrigen.

I 1949 vart Zhou den første statsminister og utanriksminister i Folkerepublikken Kina. I juni 1953 offentleggjorde han dei fem fredserklæringane. Han var leiar av den kinesiske kommunistiske delegasjon ved Genèvekonferansen i 1954 og Bandungkonferansen i 1955. I 1958 overlet han utanriksministerposten til Chen Yi, men vart verande statsminister. Han var ein populær politikar og heldt òg stillingane sine gjennom Det store spranget og kulturrevolusjonen. Etterpå gjekk han inn for dei såkalla fire moderniseringane som skulle reparere på skadane frå kulturrevolusjonen.

Zhou var ansvarleg for opninga mot Vesten i 1970-åra. I februar 1972 var han med på å ta imot den amerikanske president Richard Nixon og underteikna Shanghaikommunikeet med han.

Etter ein kreftdiagnose i 1973 overlet han mange av embetspliktene sine til Deng Xiaoping. Han vart innlagt på sjukehus, og den 8. januar 1976 døydde han, berre nokre få månader før Mao Zedong. På sjølve qingmingfesten i april 1976 vart sørgemarsjar for Zhou oppløyst med makt, ei hending som har fått namnet Tiananmenepisoden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]