Narew

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Narew
Narew munnar ut i Vistula ved Modin
Narew munnar ut i Vistula ved Modin
Utspring Kviterussland
Munning Vistula
Land i nedslagsfelt Kviterussland, Polen
Lengd 484 km
Nedslagsfelt 75 175 km²

Narew (gamalprussisk og litauisk Naura, kviterussisk Нараў) er ei elv som renn i vestlege område av Kviterussland og nordaustlege delar av Polen. Ho er ei av sideelvene til Vistula og med ei lengd på 484 km (36 km i Kviterussland og 448 i Polen) er ho den femte lengste elva i Polen. Nedslagsfeltet er 75 175 km² (58 873 i Polen).

Narew har sitt utspring i Kviterussland og munnar ut i Vistula i Polen. Delen av elva mellom Zegrzereserovaret, der ho mottar Vestre Bug, og Vistula, vert stundom kalla Narwio-Bug.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Narew i Strękowa Góra
Narewdalen sett frå den høge elvebreidda ved Paulinowo-Dzbądz (nær byen Różan)

Historisk[endre | endre wikiteksten]

6. september 1939 prøvde den polske hæren å nytte Narew som forsvarslinje mot dei tyske angrepa under invasjonen av Polen i 1939. Forsvarslinja vart gjeve opp dagen etter og dei flytta bakover til Vestre Bug sidan dei tyske styrkane allereie hadde brote gjennom forsvaret.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]