Vestre Bug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om Vestre Bug, ei sideelv til Wisla. For elva sør i Ukraina, sjå Søndre Bug.
Koordinatar: 52°30′29.286″N 21°5′2.688″E
Bug
polsk Bug
ukrainsk Західний Буг, Zakhidnyj Buh
kviterussisk Захо́дні Буг, Zakhodni Buh
elv
none  Vestre Bug i nærleiken av Wyszków i Polen
Vestre Bug i nærleiken av Wyszków i Polen
Land Flag of Poland.svg Polen, Flag of Belarus.svg Kviterussland Flag of Ukraine.svg Ukraina
Voivodskap
Voblast
Oblast
Podlasie, Masoviske, Lublin,
Brest,

Lviv
Kjelde
 - stad nær Verkhobuzh, Lviv oblast, Ukraina
 - høgd 310 moh
 - koordinatar 49°52′0.5736″N 25°5′48.609″E
Munning
 - stad Narew nær Serock, Polen
 - høgd 75 moh
 - koordinatar 52°30′29.286″N 21°5′2.688″E
Lengd 772 km
Nedslagsfelt 39 420 km²
Vassføring for Serock
 - middel /s
Vassføring andre stader (middel)
 - Wyszkow 158 /s
Vestre Bug gjennom Ukraina, Kviterussland og Polen
Vestre Bug gjennom Ukraina, Kviterussland og Polen

Vestre Bug (ukrainsk Західний Буг, Zakhidnij Bug, russisk Западный Буг, Zapadnyj Bug), kalla Vestre Bug for å skilje ho frå Søndre Bug, er ei elv som renn frå sentrale område av Ukraina og vestover. Ho dannar så grensa mellom Ukraina og Polen, og vidare langs grensa mellom Polen og Kviterussland. Ho renn til slutt ut i Narew nær Serock (eigentleg den kunstige innsjøen Zegrze). Delen mellom innsjøen og elva Wisła vert stundom kalla Bugo-Narew. Wisła renn vidare mot Austersjøen

Bug er 772 km lang (587 km i Polen) og er den fjerde lengste elva i Polen. Nedslagsfeltet er 39 420 km² (19 284 km² i Polen). Ho er knytt til elva Dnepr gjennom Dnepr-Bug-kanalen.

Tradisjonelt vart Bug sett på som ei etnografisk grense mellom ortodokse og katolske folk. Bug var grensa mellom tyske og russiske styrkar under invasjonen av Polen i 1939 under Den andre verdskrigen.

Bug ved Drohiczyn

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Poltva, Sołokija, Bukowa, Huczwa, Uherka, Włodawka, Krzna, Liwiec, Ług, Mukhavets, Leśna, Nurzets, Brok