Naturrett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Naturrett (Latin: jus naturale) er ein teori om at det finst eit sett av rettslege prinsipp som er av ein slik grunnleggande karakter at dei gjeld alle stader til ei kvar tid. Naturretten treng ikkje noko eiga grunngjeving fordi alle med basis i sunn fornuft vil vere samd i naturretten. I dette ligg at ntaurretten baserer seg på naturens orden.
Tanken om naturretten skriv segg attende til antikken i Hellas. Aristoteles blir ofte kalla far til naturretten. Seinare tok Cicero opp tanken. I mellomalderen nytta Thomas Aquinas tanken om naturretten for å avgrense mellom verdsleg og geistleg makt og rett.
Naturretten sin innverknad på faktisk rettspraksis har variert opp gjennom historia. Naturetten kan og førast attende til opplysningstida. Då meinte filosofane at alle menneske hadde nokre grunnleggande og umissande rettar. Hugo Grotius ein av dei som utvikla tanken. Seinare vart tanken tatt opp av Spinoza, Hobbes og Pufendorf.
Naturretten låg til grunn for den amerikanske og franske grunnloven.
[endre] Kjelder:
- Store norske leksikon: Naturrett
- Delvis basert på "naturrett" på bokmålswikipediaen

