Baruch Spinoza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Baruch Spinoza (16321677)

Benedictus de Spinoza (24. november 163221. februar 1677) kalla Baruch Spinoza i synagogeprotokollane og kjend som Bento de Spinoza eller Bento d'Espiñoza i samfunnet han voks opp i, blir saman med René Descartes og Gottfried Wilhelm Freiherr von Leibniz rekna som ein av dei store rasjonalistane i filosofien på 1600-talet. Han er rekna som grunnleggjaren av moderne bibelkritikk.

Baruch de Spinoza vart fødd i Amsterdam i ein spansk-portugisisk sefardisk familie og vart kjend for syna sine på panteisme og nøytral monisme, og dessutan av di Etikken hans er skriven i form av postulat og definisjonar som om det var ei geometriutgreiing. Sommaren 1656 vart han bannlyst av det jødiske samfunnet for påstandane sine om at Gud er mekanismen av naturen og universet og at Bibelen er eit metaforisk og allegorisk verk som blir bruka til å undervise om Guds natur. Begge desse påstandane er baserte på ei form for kartesianisme. Etter bannlysinga tok han i bruk førenamnet Benedictus — den latinske forma av det hebraiske namnet Baruch og det spansk-portugisiske namnet Bento.

Ettersom publikumsreaksjonane Spinoza fekk på Teologisk-politisk utgreiing ikkje fall heldige ut for Spinoza og hans variant av kartesianismen, avstod han frå å gjeva ut verka sine. Etikken vart utgjeven etter at han døydde — som del av Opera postuma, redigert av venene hans.

Spinoza, som mellom anna er vorten kalla «den største kristne» (!) og «den største ateisten», hevda at «Gud» og «Naturen» er to namn for den same verkelegheita, nemleg den usamansette substansen som ligg under universet og som alle mindre entitetar berre er modus eller modifikasjonar av. Han hevda at “Deus sive Natura“ («‘Gud’, eller ‘Naturen’») er eit vesen med uendeleg mange eigenskapar, og at utbreiing og tanke var to av desse. Hans skildring av eksistensen sin natur kan seiast å handsame dei fysiske og mentale universa som to ulike og parallelle underunivers som verken overlappar eller samhandlar med kvarandre. Denne formuleringa er ei historisk signifikant panpsykisk løysing på kropp og sjel-problemet som er kjend som nøytral monisme.

Spinoza var ein gjennomgåande determinist som meinte at absolutt alt som hender skjer som resultat av nødvendigheit. For han er menneskeleg framferd heilt ut regelbunden, og fridom er å forstå at vi er regelbundne og å forstå kvifor vi fer fram som vi gjer. Fridom er altså ikkje moglegheita til å seie &laquonei» til det som skjer med oss, men moglegheita til å seie «ja» og å fullt ut forstå kvifor ting lyt skje på det viset.

Filosofien åt Spinoza har mykje til felles med stoisismen, men han skilde seg skarpt ut frå stoikarane i ein ting: Han nekta plent på synet deira at fornuft kunne vinne over kjensler. Tvert imot, hevda han, kan ei kjensle berre overvinnast av ei sterkare kjensle. For han stod det avgjerande skiljet mellom aktive og passive kjensler — der dei aktive kjenslene er dei ein rasjonelt sett forstår og dei passive kjenslene dei ein ikkje rasjonelt forstår.

Eit portrett av Spinoza fanst på den gamle 1000-gylden-seddelen, som var gyldig valuta i Nederland fram til euroen vart innført i 2002.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]